Full fart på idrettsbanen under den årlege Vikeputten
Litt regn i lufta la ikkje dempar på fotballgleda som vart vist av 76 lag frå heile distriktet. – Me vann alle tri kampane våre, jubla ei jente på Etne sitt lag. Totalt vart det spela 116 kampar denne laurdagen (56 kampar inne i hallen og 60 kampar ute). Fire av laga fekk ein ekstra premie: Billettar til fotballkamp mellom FKH og Bodø Glimt.
Kor mange mål dei skåra, var det ikkje alle som visste. Smilet var like stort då dei sprang av banen og vidare for å verta fotograferte og for å få utdelt medalje og diplom. På Vikeputten er det ikkje taparar, berre vinnarar. Me presenterer her nokre bilete frå arrangementet.
Røysta til primus motor i arrangementet, Rune Hetland, kunne høyrast over heile idrettsplassen gjennom dagen, der han las opp namna på kvar einaste av dei omlag 700 borna som deltok i fotballturneringa. I tillegg vanka det medalje om halsen på deltakarane.
Dei fire laga som vann billettar til FKH – Bodø Glimt kamper, er:
Bjoa J 9; Skjoldar G 10; Vats 94 J 7; Etne G 7-2.
Laga kunne delast inn etter alder, og i gute og jentelag. For dei yngste laga i Vikebygd (GJ7 og GJ 8) var det gutar og jenter i lag på same laget. Biletet ovanfor er frå kampen mot Tysværlaget Skjold G 8.
Heldigaste var dei yngste, som fekk spela sine kampar inne på kunstgras i «Kjekt i Vik-hallen». Her var tri banar som i år hadde fått eigne vegger til inndeling. Då slapp ein mista ballen over på nabobanen. Veggene er av plast og kan lett faldast saman når dei ikkje er i bruk. Måla her var små og utan målmann, men så var det heller ikkje så mange på kvart lag her. Spelarane var frå 6-7 år gamle. Lydnivået i hallen vart høgt, for her var heiagjengane i ekstase. Mødrer og fedrer stod tett langs gjerdet for å heia fram sine håpefulle. Og for dei som likar fotballkampar med mange mål, så var kampane inne i hallen rette plass å samla seg.
Dugnad og dommarar
Det krevst mange vaksne entusiastar med for å gjennomføra eit slikt stort arrangement der 700 born og totalt 2000 menneske skal få ein kjekk dag og spelereglane skal følgjast på alle nivå.
Ikkje minst trengst det dommar til kvar kamp. Her er Cassandra Hoel i aktivitet som dommar på ein av kampane inne i hallen.
Du kan også sjå bilete frå
Nye kommentarar