Trøkk og kvalitet på Gospelnight i Skjold
Det var høgt nivå på både kvalitet og lyd då «Prosjektkoret» presenterte Amazing Grace i Skjold kyrkje laurdagskvelden. Med seg hadde dei solisten Carina Dagny Tysvær med både solonummer og sang i lag med koret. Men det mangla ikkje på dyktige og erfarne songarar og musikarar i den halvannan times lange konserten som bar namnet «Amazing Grace». Under førstet songinnslaget fekk borna i Vindafjord Soul Children delta med dans.
Hanne Haraldseid Brekke har leia gruppe som i to månader har jobba med å få i stand konserten. – Me hadde annonse i Grannar og lyste ut at dei som ville vera med i Prosjektkoret eller delta på andre måtar, kunne melda seg, fortel ho. Både musikarane i bandet, songarane i koret, forbøngrupper og andre oppgåver er bemanna med frivillige.
Hanne opna Gospelkonserten og inviterte dei som kjende trong for det om å koma til forbøn under konserten. I sidesalen sat forbedarar klar.
Over 170 hadde funne vegen til Skjold kyrkje. Av dei var det 90 vaksne og 31 ungdom som kjøpte billett, men i tillegg kom alle aktørane med ulike oppgåver. Folket som kom vart møtt med varm drikke og bibelvers på veg inn i kyrkjerommet. Dei som venta seg god Gospel musikk med trøkk i, vart ikkje skuffa. Koret, som berre hadde øvd saman i eit par månader, bestod av mange erfarne songarar som hadde delteke i kor før.
Lesing av bilbeltekstar og lybilete kombinert med bibelsitat, inngjekk i konserten. Eit flott arrangement som gjekk knirkefritt medlyd, lys, musikk og korsong. Vi takkar for ein flott stund i kyrkja laurdagkvelden.
I invitasjonen kunne ein lesa:
Folk i bygdene er invitert til gospelnight i Skjold Kyrkje 23. mars. Dette blir ein kveld med god gospel frå prosjektkoret, vakre solosongar og allsong. Publikum skal i tillegg få flotte visuelle opplevingar med bilete og dans. Felles for alt er eit fokus på Jesus. Dei som ynskjer det skal også få høve til å bli bedt for. Vi håper at folk frå alle bygder tek turen denne kvelden, og at vi får ei god oppleving i ei fullsett kyrkje. Ein kopp med varm drikke og nokre gode ord ventar på deg når du kjem.
Så langt har prosjektgruppa og koret ikkje sett føre seg fleire konsertar, men kven veit 🙂
Nye kommentarar