Takk for flott juletre
Det var mange som kommenterte det flotte juletreet som stod framme i kyrkja vår på juleafta.
-Det er Reidar Bjodal som har funne tre og spandert på oss, kunne leiaren i soknerådet, Brit Nelly Ness Tveit, fortelja og ber meg ta med ein stor takk til Reidar for det flotte treet.
Det er ikkje så mange arrangement i Vikebygd kyrkje i slutten av desember, men treet blir likevel godt utnytta. I romjula fekk det seg ein biltur i frisk luft opp til bedehuset. Her er treet sett opp att, pynta og stelt klar for juletrefest laurdag 29. desember kl. 16:00. Lys og fot var på treet under transporten som gjekk i sakte fart på toppen av ein tilhengar.
I kyrkja var treet berre til pynt, men på bedehuset skal born og vaksne får danna ring rundt treet på laurdag. Medan dei gamle julesongane lyder frå festdeltakarane, går vi rundt treet. Ikkje for å hylla treet, men som det står i julesongen:
Du grønne glitrende tre, god dag!
Velkommen, du som vi ser så gjerne,
med julelys og med norske flagg
og høyt i toppen den blanke stjerne!
Ja, den må skinne
for den skal minne:
oss om vår Gud.
Nye kommentarar