Over 60 mm regn på ei natt
Onsdag 26. september var regnet over, men gjennom natta hadde over 60 mm regn samla seg i regnmålaren i hagen på Skartland. Dette tilsvarer 60.000 Liter eller 60 tonn med vatn i ein hage på 1000 m². Ikkje rart at stikkrennene ikkje svelde unna på Vikevegen innover til Bjoa den morgonen.
Det er så langt ikkje observert korkje jordras eller overfløymde kjellarar i området her.
Myra som Store-Per (Per-Johan Skartland f. på Tindeland i 1852) i si tid dyrka opp med handamakt gjennom mange år, var dekka av vatn onsdag. Dette vekte minner. For er dette ekstremt? Nei, det er slik vi var vane med å sjå denne myra opp gjennom tidlegare somrar og haustar. At moderne gravemaskiner har gjort sitt til å opna opp grøftene har betra situasjonen, men likevel er flaskehalsen: brua ved Strøytevad. Fundamentet for brua hindrar at ein kan grave opp og på begge sider er det grodd godt med siv som stoppar vatnet. Fallet nordover til Bruarvatnet er svært lite (1-2 m), og når vasstanden her stig, får det konsekvensar sørover elva Løkjen. Kotehøgda på Løkjen ved Skartland er på ca 18 m og normalvasstanden på Bruarvatnet står oppgitt til 16,2 m o.h.
Ein gong skulle dei laga nye lokale kart, basert på flyfoto. Også Skartland vart fotografert. Etter at utkastet til kart var klart reiste folk rundt for å sjekka detaljane. Ein av dei banka på døra til Kristine og lurte på kor det tjenet var som stod på kartet. Ho kunne ikkje anna enn å le. Dei hadde fotografert Skartland etter ein regnperiode då myra stod under vatn. Så har vi ikkje opplevd slike flaumar på ei stund, men då eg vaks opp så var det meir regelen enn unntaket at denne myra stod under vatn når regnet fløymde ned.
Så er det kort veg til sjøss, og Ålfjorden tek unna det meste som kjem. Men Bakkafossen var større enn me har sett på lenge og bilane som passerte på morgonen fekk seg ein dusj. Spruten og råket stod over brua. Det var nok høgare vasstand i Bruarvatnet enn på svært lenge.
Nye kommentarar