Vassepladsen eller Vossaplasset
Kampen for betre veg inn til bygda sørfrå har gjort at mange har høyrt om Vossaplasset og Vossaplassvingane. Men korleis har namnet blitt til?
Vegen er nå i ferd med å verta utberta med sykkel og gangsti forbi Vossaplassvingane.
Like ved vegen der elva går under vegen, ligg eit fint lite hus. I si tid ein husmannsplass som i folketeljingane av 1910, fekk namnet: Vassepladsen. Dei som budde her i 1910 var Selius Olsen Birkeland (f. 18.8.1885) saman med kona, Maren Knudsdatter og borna: Signe og Olaf. Av yrke står Selius oppført som Gardbrukar og jordbrytar. (LINK-Digitalarkivet)
Kvifor vart dette plasset kalla: Vassepladsen?
Kanskje nokon kan oppklara det nærare om eg tar feil?
Ein teori kan vera at det er fleire små elvar / bekkjer som møtest rett sør for Vassepladsen og renn vidare forbi denne og ned til sjøen. Ei elv kjem langs vegen sørfrå med vatn frå Såtemyr og myrlendet på Øvre Dommasnes og Espe. Ein bekk kjem oppe frå terrenget bortover mot Kolthaug, og sjølve elva eller Kvednabekken, som kjem ned frå Husafjellet. Ein bekk oppe frå fjellet, som aukar på etter kvart som den får tilført vatn undervegs, og kryssar vegen sør for Vossaplasset (Vassepladsen).
Eigedommane her rundt svingane har ulike namn, m.a.: Vossatun (G/Br. 331/76), Sørli (G/Br. 331/6), Birkelund (G/Br. 331/65), Bjørketun (G/Br. 331/57), Bjørkehaug (G/Br. 331/17), Lunheim (G/Br. 331/23), Nordre Vik (G/Br. 331/3) og Nedre Vik.
Om det er vatnet som ga plasset namn, eller det her har vore ein grunnare del av elva som ein har vassa over (eit Va), veit eg ikkje. Men i bøkene står småbruket i 1910 oppført som Vassepladsen.
Nye kommentarar