Vintereventyr på Vindafjord biblioteket 20. jan.
Vintereventyr på Vindafjord biblioteket (Ølen). Laurdag 20. januar kjem forteljar Marianne Stenerud til Vindafjord bibliotek. Ramme rundt hennar vintereventyr er alt det magiske som kan henda om vinteren: Jorda mørk og kald, sola gir berre litt lys og varme. Vinterhimmelen er som eit mørkt og uendeleg lokk. Difor lyser stjernene og kviskrar: «Opna øyro, auge og hjarta!!» I ly av mørkret kravlar det fram dei raraste skapningar. Dyr kan snakka og kaker blir levande!
Marianne har med seg «Det blå egget» – du og familien må koma og høyra på! Forteljingane passar for barn frå 3-4 år. Og, som alltid kan de her på Bibliotek+ teikna, spela spel, lesa bøker o.a. og kjøpa kaffi, te, vaflar, popcorn og saft. Gratis inngang.
Nye kommentarar