

by Steinar Skartland · 4. januar 2018
Grendeautvalet mottek 100.000 kroner frå S.Ø.K kvart år i 3 år, til tiltak som skal koma Vikebygd og folket her til gode. Styret inviterte til innspel frå bygda til lokale tiltak på årsmøtet torsdagskvelden den 4. januar.
Styret 2017: Stein Andor Sundve (medlem), Elisabeth W. Julsrud (nestleiar), Solveig Hortman (leiar), Kjetil Andre Skartland (kasserar), Frode Tindeland (sekretær) og Ingrid M Sørvåg (vara.)
Styret, under leiing av Solveig Hortman, kunne leggja fram ei årsmelding som viste eit godt arbeid og der dei har oppnådd mykje, og ein handlingsplan som viser at her er ennå mykje å ta tak i. Leiar i valkomitéen, Frantz Lea foreslo atval både på leiar og dei i styret som hadde sagt seg villige til å halda fram. Nestleiar, Elisabeth Winterhus Julsrud, og første varamann, Ingrid M. Sørvåg, valde å takka nei til attval, og vart erstatta av Anne Langhelle og Mariann Larsen. I det nyvalde styret sit då:
Solveig Hortman (leiar)
Anne Langhelle
Frode Tindeland
Kjetil Andre Skartland
Stein Andor Sundve
Vara; Marijann Larsen.
Gunnar Birkeland og Rolf Alne held fram som revisorar og i vakomiteen set:
Lauritz Bjørnevik, Frantz Lea og Ingrid M Sørvåg.
Kva skal vi nytta SØK midlane til?
Stein Andor presenterte forslaget til retningsliner; Elisabeth informerte om SØK midlane og Solveig stod for presentasjon av innkomne forslag.
Skånevik-Ølen Kraftlag er gått inn i Haugaland Kraft. Av det årlege utbyttet dei får for sin 4,5 % eigarandel (ca 1 mill.kr i året) har styret i ØK vedteke at dei skal dele 45% på Grendautvala i «Gamle Ølen» for at dei kan nyttast til prosjekt som kjem bygdane og folket tilgode. Dette er delt med 150.000 kr til Ølen-Ølensvåg; 100.000 kr til Bjoa og 100.000 kr Vikebygd, fortalde nestleiar Elisabeth W Julsrud.
-Dette er midlar som dei vil få kvart år i 3 år. Etter denne tid vil tildeling av midlar kunna gjerast utifrå kor gode prosjekt grendautvala har fått til.
Styremedlemet, Steina Andor Sundve, presenterte utkast til reglement for forvaltinga, i 7 punkt. Her går det m.a. fram at Vikebygd Grendautval har fått ansvaret for vidare disponering og tildeling. Han understreka at dette var eit utkast som ennå ikkje var vedteke og godkjent av SØK. Punkta er delvis sitert slik:.
Det var allereie kome inn fleire søknadar og forslag, som leiaren kunne presentera i møtet, og oppfordra til at endå fleire forslag kom inn til Grendautvalet:
Det var ikkje store flokken som kom for å høyra på desse opløftande opplysningane og for å ta del i diskusjonane, men dei 11 som møtte utanom styret på 6 personar, var ivrig frampå med idear og forslag. Det at kommunestyret har sett av 800.000 kroner til eit prosjekt for auka buattraktivitet, særlig i dei minste bygdand (Imsland, Bjoa og Vikebygd) for å arbeida for auka tilflytting og om mulig også få fleire arbeidsplassar hit, er viktig for Vikebygd. Det er sett ned eit arbeidsutval der Rune Hetland er innvald saman med ordføraren og to andre politikarar, kunne Rune Hetland fortelja, etter at han alt hadde vore på første møtet i arbeidsutvalet. Formannskapet er styringsgruppe og arbeidet startar nå. Ser ein dette arbeidet saman med det midlane frå SØK kan utretta, ja, då steig optimismen i årsmøtet.
Styret etterlyste meir engasjement frå kommunen overfor Grendautvalet og uttrykte at dei var skuffa over at kommunen ikkje hadde teke meir initiativ her.
-Det blir det endring på frå nå av, repliserte Rune Hetland, og garanterte for to møte mellom kommunen og Grendautvalet før mars. Dette blir ein viktig del av arbeidet i arbeidsutvalet for Buattraktivitet, svarte han.
Kunngjering av årsmøtet:
Vikebygd Grendautval har motteke 100.000 kroner og ber om innspel på korleis desse kan nyttast.
ts-prosjektet.
Det er ingen komande hendingar
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar