

by Steinar Skartland · 31. mars 2019
Den aktive og store speidargruppa i Vikebygd hadde sin tradisjonelle årsfest 31. mars. Nærmare hundre deltok. Her var speidarar, foreldre, besteforeldre og bygdefolk samla i den store salen på bygdahuset. Mange gode kaker, kombinert med pølse i brød, kaffi og brus, var menyen for dei som tok søndagskaffien på årsfesten. Dei fekk med seg både lysbilder frå aktiviktetar og leiarar i 2018, men også litt av det som kan venta dei som blir med på kanoleir på Nidelva til sommaren.
Programmet i årsfesten var slik:
Nuteringar og vandrestav
Alle som hadde gått til toppen av dei seks nutane i Vikefjella, vart ropte opp på scenen. I alt var det registrert 1500 nuteringar og 610 personbesøk i nutabøkene. Heile 48 hadde vore på alle nutane i 2018. Desse fekk eit merke med påskrift: Eg var på adle. Alle fekk ein diplom.
Mest spenning var det til kven som fekk vandrestavane i år. Den for vaksne var det Mona Hetland som hadde fått til odel og eige i fjor, så her var det ein ny stav i år. Ungdomsstaven hadde mange napp frå før.
Dei tre med flest nuteringar mellom barn og ungdom var:
Reiar Julsrud (18) , Even Larsen (26) og Askev Julsrud (27).
Dei tre med flest nuteringar mellom vaksne var:
Ingveig Svendsbøe (36) , Anne Wenche Vik (65) og Mona Hetland (100).
Invitasjonen-
Plakat og program:
Det er ingen komande hendingar
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar