Siste løypemelding frå Vikefjella
Eg har i vinter fått sluttført det turstiarbeidet eg starta med vinteren-2017/2018, men som fekk ein bråstopp i fjor vår. Dette har resultert i tre rydda og merka løyper som ein finn kart og meir detaljer om på http://vikebygd.no/naeromradet/turloyper/ og på https://ut.no/.
Nye stiar i Vikefjella
«Dei lærde vil kanskje stridast om det berre er ei løype med avstikkarar, eller om det er tre løyper. Men dei er laga som tre sjølvstendige løyper på dei omtala web sidene«.
Den opphavelege planen var å ha desse klare i mai/juni i fjor, men på våren vart det bråstopp i dei planane. No i vinter klarte eg å kreka meg til å gjera dei ferdige. Dei tre løypene er basert på to attgrodde og nesten gløymde stiar. Dei var nok nytta ein del, om ein går nokre ti-år tilbake i historia.
Siste løypemelding frå Vikefjella
av Roald Årvik
Etter merking av tre nye løyper
ferdige vinteren 2019
Løype 1 – Tur til toppen av Sætrafjellet frå Dommersnes
https://ut.no/turforslag/11289804
Denne løypa byrjar like ved Vikevegen 1032, på sørsida, dvs. tvers ovanfor fam. Gausvik sitt hus på Dommersnes. Herifrå går løypa til Sætrafjellet. Dette er blitt meg fortalt at dette er den gamle vegen ein nytta til Sætrafjellet før i tida. Etter om lag 400 m i myrlendt terreng, går ein inn i Stokkabrekka, derifrå stig det nokså bratt til ein er oppe ved Store Kolthaug, og vidare aust for Risdalsnuten. Der oppe, ovanfor tregrensa er det eit flott område ei n må ta seg tid til å nyte, før ein går inn i den siste kleiva mot toppen av Sætrafjellet.
I tillegg til å vera den/ein av dei gamle sti(ane) til Sætrafjell, har denne også, eller deler av den vore nytta av folk i midt-bygda når dei skulle til Grautavatnet.
I tvende sinn
Det var Kirsten Nesse som fyrst fortalte meg om denne stien frå Dommersnes til Sætrafjellet. I juni 2016 bad eg om at ho synte meg leia, i byte mot at eg guida henne opp til Sætrafjellet i, den då nye, løypa til Sætrafjellet via Røssedalen og Slåtteskar. Returen gjekk ned til Dommersnes. Eg vonar hugsen min har vore nokolunde trufast til leia Kirsten peika ut for meg, for eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har mista sporet nedover der i alle turane eg har hatt for å finna den rette leia.
Eg gjekk mange gonger der og funderte på om eg skulle merke denne stien til Sætrafjellet. Då eg fekk eit tips om ein gammal sti som gjekk frå Svendsbø, opp Hagaskar til Grautavatnet, bestemde eg meg. Denne stien frå Svendsbø til Grautavatnet er eigentleg godt merka med små steinvardar mest heilt fram til vatnet. Han var noko grodd igjen, sjølv om nokon har rydda noko der for ein del år sidan, etter det eg kunne tyde.
Då hadde eg informasjon om ein gammal sti frå Svendsbø til Grautavatnet, eg visste om at det skulle ha gått ein sti frå Dommersnes via Store Kolthaug til Grautavatnet, der byrjinga av stien gjekk i same far som den som tek oss fram til Sætrafjellet. Då var det å byrja å leita frå Litla Grautavatn, der eg høyrte den skulle ende. Frå Litla Grautavatn klarte eg å finna gamle steinvardar som tok meg nordvestover og innmot det partiet som stig opp mot Risdalsnuten, der eg kunne møte stien som kjem frå Dommersnes og kople dei to stiane saman.
Løype 2 – Tur til Bårefjell via Hagaskar
https://ut.no/turforslag/11112658
Denne løypa byrjar nedanfor Bjordal, ved tømmervelteplassen der. Løypa går til toppen av Bårefjell. Ein går opp skogsvegen frå velteplassen og fortsett på sti nokre hundre meter nordover til ein treff den gamle steinmerka stien frå Svendsbø. Eg greidde aldri å finna kor han byrja, men i høve til parkering og slikt vart det ikkje heilt feil å la han byrja ved velteplassen. Stien går opp det bratte Hagaskaret, der han koplar seg på eksisterande sti og svingar mot Bårefjell.
Denne stien opp Hagaskar og vidare til Grautavatnet er ein gammal sti som vart nytta av folk på Svendsbø og Trovåg når dei skulle til Grautavatnet, eller til fjells.
Løype 3 – Svendsbø-Dommersnes, via Hagaskar, Grautavatnet og Store Kolthaug
https://ut.no/turforslag/11418968
Dette vart då ein samankopling av desse to gamle stiane, som begge gjekk til Grautavatnet, men frå kvar sin himmelretning av bygda. Løypa går frå velteplassen nedanfor Bjordal, opp Hagaskar, via Grautavatna, opp til Store Kolthug og ned til Såtemyr på Dommersnes.
Det var det
Med desse stiane sluttar eg av den sjølvpålagde merkinga av stiar i fjella. Det kjem ikkje til bli rydda fleire nye stiar av meg heretter.
Eg takkar så mykje alle dei som har gått i dei stiane eg har kava på med. Det er desse personane som har gjort det viktigaste arbeidet, då dei har halde stiane opne og laga meir synlege og varige trakk.
Av stiar som er merka, rydda og dokumentert på ut.no med GPS spor (om dei skulle gro arr), er det i Vikebygd sitt område no 75 km med løyper. Om lag 15 km går på grusvegar/traktorveg, dvs. 60 km er stiar i terrenget. Mange turar starta med å gå opp Vikestølsvegen, men dei om lag 5 km til Vikestølen er berre telt med ein gong i totalen, slik at dette er 75 000 enkeltståande meter! Du ser ikkje det same synet på nokre av desse metrane.
Fleire har vore med på å få dette til, så takk ikkje meg.
Skulle nokon ha ynskje om å nå ein topp som ikkje er merka og er utrygg på vegen, skal eg heller vera med som guide, vel å merkje om dei lovar å gå seint.
I kommunen snakkar dei om at ein kanskje skulle ha standardisert merkinga av turstiar. Då lyt dei bere ned 40-50 store fullstappa ryggsekker med brakepinnar og skilt laga av rekved. Eg skal ikkje stå i vegen, meg eg kjem neppe til å hjelpe til.
Eg og ryggsekken har hatt vår siste tur i lag. Hadde dei fyrste børene i ryggsekken som eg tok i 2013 kjenst like tunge som dei børene eg har hatt i vinter, ja då hadde det nok berre vorte den eine løypa.
Børene i vinter vog sikkert mindre enn dei i 2013, men slik opplevde eg dei ikkje.
Eg går ned i vedskjulet i tussmørke for å takka ryggsekken min for turlaget, han har ikkje meir å gje. Han heng på ein rusta spikar, etter den eine selen som er att, mest som ein formlaus bylt. Einstøingen, bleikt av sol, utvaska av regn, piska av byer med hagl, full av gammal salt ryggsveitte, holete, nedsliten, utdatert og klar for dyngja. Me kikar på kvarandre i ei slags tyst semje. Eg tenkjer; «me har mykje sams han og eg».
Redaktøren kommenterer:
Forfattaren Roald Årvik, som i 2018 kom ut med boka: «Frå Jøtulsbrua til Svartaløa«; fekk kulturprisen for 2017 frå Vindafjord kommune for sitt arbeid med stimerking i Vikefjella. Han vart også kåra til Årets Vikebu i 2014.
Nye kommentarar