Gudsteneste juleafta – med Eldbjørg Andreassen
Julafta blir det familie- og høgtidsgudsteneste i Vikebygd kyrkje klokka 14:30. Litt anna tidspunkt enn vi har vore vane med frå før, men så skal det vera gudstenester i alle åtte kyrkjene i Vindafjord denne søndagen. Så då må ein tilpassa seg.
Vikebygd har tradisjonar for ei flott gudsteneste der folket fyller kyrkja. Ei gudsteneste med mange innslag.
I år er det prostiprest Eldbjørg Andreassen som har ansvar for gudstenesta. Det blir siste gongen ho har gudsteneste i Vikebygd som prostiprest, då ho går over til å vera pensjonist frå nyttår av. Det blir teke opp offer til Misjonsprosjektet som soknerådet har vedteke for kyrkja vår i Vikebygd. Du kan lesa hennar avskjedshelsing i kyrkjebladet Hyrdingen (desember utgåva)
Les meir om julegudstenestene som var i 2016, 2015, 2014.
Sjå kva anna som skjer i kyrkjene i jula
Eldbjørg takkar for seg.
Kjære kyrkjelydar i Skjold, Vikebygd, Bjoa, Ølen, Sandeid, Vikedal, Imsland og Vats!
I 3 og eit halvt år, sidan første gudstenesta i Imsland 17. mai 2014, har eg fått vore prostiprest i Vindafjord. Det kunne ha blitt ei litt heseblesande, upersonleg erfaring – med 8 kyrkjer og kyrkjelydar å ha teneste i og for. I staden ser eg attende på ei mengd givande møte med gode folk; samlingar i heimar og i kyrkjene. Overalt har eg kjent på Guds nærvær og velsigning.
No seier eg takk for meg etter gudstenestene i Bjoa og Vikebygd 24. desember. Frå 1. januar er eg pensjonist og ser fram til det. Men først vil eg takke for fine år og gode opplevingar.
Takk til prestekolleger og alle andre tilsette som har lagt alt til rette; gjort det lettare å «hoppe inn» i 8 sokn – og berre vore til inspirasjon og oppmuntring. Nokre har eg hatt gudstenester saman med – gode minne!
Takk til alle som møtte meg i kyrkjene kvar gong – som klokkar, kyrkjetenar eller kyrkjevert. Og de som sto for kyrkjekaffi eller ba inderleg for meg og andre før kvar einaste samling. Alle gjorde de gudstenester og andre kyrkjelege handlingar tryggare, varmare, rikare.
Takk til dei tilsette i Ølen gravferdsbyrå – dei har vore til støtte og hjelp ved nesten alle gravferder. For meg som ikkje var kjent i Vindafjord frå før, gjorde det ein stor skilnad.
Takk til kvar og ein eg har møtt – ved gudstenester, gravferder og bryllaup. Takk for alle samtalar, for tillit og nærvær. For dåpsbarn eg har fått leggje i Guds hender, gode blikk ved nattverdbordet, fine stunder under kyrkjekaffien. Summen av alt: Samvera med dykk har vore fulle av meining; i glede, sorg og gudstenestefeiring.
Kanskje møter eg mange av dykk igjen – som vikar; i så fall vil det vere rein bonus! No ynskjer eg dykk alle gode dagar; fram mot jul og i tider som kjem. Ta vare på kvarandre og på gode møteplassar – det gjer livet rikare!
Varm helsing
Eldbjørg (Andreassen)
Nye kommentarar