Revy med fullt hus i Vikebygd
Og alle kom gjennom sikkerhetskontrollen – der ein aldrande security ansatt avslørte både knivar og gaflar i undertøyet. Unge og vaksne i amatørteateret baud på seg sjølv gjennom rollane. God planlegging og mykje øving ligg bak endå ein revy suksess.
På Scenen var Cathrine Hamre Tindeland, Hilde Stene Bauge, Alice Frøvik, Sandra-Marie Bjørnset Sælemyr, Elin Sætre, Undine Hamre Tindeland, Tina Larsen, Caroline Thorland Bjørnevik, Lauritz Bjørnevik, KJetil Skartland og Tor Arild Mortveit (som også var instruktør og regissør).
Bak i salen sat Even Larsen, Joakim Koltveit, Fredrik Sundve og Rolf Julsrud og sikra proff lyd og lys under framsyninga.
Fleire andre var aktive med, m.a. for å ta seg av kafedrift i Litlesaln, billettsal, kulisser, sminke, musikk, scenearbeidar og rigging mm.
Nye kommentarar