Flott gudsteneste og konsert i kyrkja
Mange fann vegen til Vikebygd kyrkje søndag 14. april. Ein del høyrde til i dåpsfamilien som fekk vandra inn i kyrkja til musikk og trommer. Det vart ei gudsteneste utanom det vanlege. Lydanlegg, instrument og eit stort ungdomskor hadde funne plass. Det var Norheimsund og Øystese Ungdomskor som var på påsketurne. I benkene var folk frå både Vikebygd og Skjold, og kanskje andre bygder med. Nokre hadde starta påskeferien på hytter i bygda. Saman fekk dei oppleva flott kormusikk i fleire innslag, i ei gudsteneste leia av Bjarne Hjelvik, tidlegare sokneprest i Vikedal.
Mellom korsongar og liturgidelar var det også orgelmusikk og salmesong. Kantor Juri Kotkovitch fekk applaus for flott musikk frå kyrkjeorgelet på galleriet. Jo, det var vel verd å vera ein av dei mellom 100 og 150 som hadde teke turen til kyrkja og starta påskeveka her på Palmesøndagen.
Les meir om koret og turneen i kyrkjebladet Hyrdingen:
Nye kommentarar