Årsmøte for Søndagsskulen i Vikebygd
INNKALLING TIL ÅRSMØTE I VIKEBYGD SØNDAGSSKULE
Det vert årsmøte i Vikebygd søndagsskule, som står for aktiviteten Venneklubben og Vennekoret:
Måndag 29.10.2018 kl. 20.30
Totlandshaugen 4, Vikebygd
Sakliste:
- Godkjenning av innkalling og sakliste
- Behandling av årsmelding
- Behandling av rekneskap
- Behandling av evt innkomne saker
- Fastsetje kontingent
- Val
- Leiar
- Styremedlem
Dei aktuelle vedlegga (årsmelding, årsrapport, rekneskap) kan ein få ved å henvenda seg til Kjersti Hausberg Bjerga mail: k-bjerg@online.no.
Styret bed om at forslag til saker som skal opp, vert gitt skriftleg til Kjersti H. Bjerga innan 18. oktober. Forslag til styremedlem og leiar skal og vera gitt styret skriftleg innan same dato. Det er ikkje aktuelt å behandla benkeforslag.
Sidan dette er ein liten organisasjon/eit lite lag, vil årsmøte bli holdt i eit privat hus. Av praktiske årsaker bed styret om at det kan bli gitt ei melding til leiar Lene Bjerga viss ein veit at ein kjem til å koma. Men dette er ikkje eit krav.
For styret: Kjersti Hausberg Bjerga
VELKOMEN!
Kven kan møte i årsmøtet?
§5 i vedtektene:
Alle i Vikebygd kan vera medlem av Vikebygd søndagsskule. Det skal vera ein frivillig kontingent. Men alle som vil vera medlem, blir registrert og skrivne opp jmf registrering i det gjeldande systemet Søndagsskolen Norge nyttar. Dette blir teke med i årsrapporten. Dei som er medlem og er over 15 år, vil ha stemmerett ved årsmøtet. Dei som er yngre enn 15 år og er medlem, kan la ein foreldre eller føresett stemme for seg.
Dokument til årsmøtet:
Vedtektene
Årsrekneskap-2017
Årsrapport for Vikebygd Søndagsskule 2017
Innkalling – Saksliste
–
Nye kommentarar