Vikemusikk 2018 – Musikkfest i Vikebygd
(Oppdatert 18.7. kl.19:15) Oppdatert/endeleg program lagt ut her. Dagane 19.-21. juli er det duka for musikkfest i Vikebygd. Ei blanding av kunstutstilling, musikk, song, orkesterworkshop, konsertar og historieforteljing.
Cathrine Nordseth som eig Galleri Vik, hadde ein draum for to år sidan om å få til ein musikkfest med rom for kulturelle opplevingar for alle aldersgrupper. Saman med lokale vener har ho fått med seg musikarar som er frå Vikebygd eller som har annan tilknyting til bygda. Nå er alt klart. I Galleri Vik heng bildene av Svein Erik Grydeland på rekkje og rad. Supplert med trykk av Erling Nesse og dansk keramikk. Cathrine tok seg tid til ei ekstra framføring av den flotte songen ho har dikta om Vikevik.
I komtéen set også: Solveig Hortman, Ingrid Mathilde Sørvåg, Jorunn Birkeland og Siri Dybvig. Dei offisielle datoane for musikkfesten er 20.-21., men dei har ein pre-start alt torsdag 19. der dei har knytt inn i opplegget: Sommarshow med Radio 102 på Plassabakeriet klokka 12:00 og Vernissasje / opning av kunstutstilling på Galleri Vik klokka 16:00. Deretter blir det soveposekonsert på Gamlatunet klokka 19:00. Så vert offisiell opning med tog og konsert fredag klokka 12:00.
På artistlista finne ein:
- Tom Roger Aadland,
- Cathrine Nordseth,
- Åsmund Birkeland,
- Frøydis Lysne,
- Helge Veastad,
- Arne Tveit,
- trioen BarneBarnaBanden – BBB,
- Siri Dyvik,
- Erling Berstad,
- Vikebygd musikkorps,
- Siri Dyvik,
- Vegard Skartland,
- Sunniva Tveit,
- Iselin Eidhammer Tveit,
- Lene Bjerga,
- «Lady Hardanger».
Dei sluttar av med konsert på Plassabakeriet ved bandet : - «Summer Youth» (Tom Roger Aadland, Roar Heggland, Trond Ponce og Geir Gjerde).
Ein får også oppleve utstilling av grafikk og maleri ved Eli Nesse Jacobsen, Erling Nesse og Sven Erik Grydeland. Ingrid Mathilde Sørvåg står for historieforteljing.
Programmet startar torsdag
Dei startar torsdag 19. juli med Vernissasje i Galleri Vik klokka 16:00. Måleri og grafikk kombinert musikk ved Åsmund Birkeland (cello) og trioen BarneBarnaBanden – BBB, og held fram med musikk- og eventyrstund. Fredag og laurdag blir det musikktog og konserar, orkesterworkshop med ukulele, og endå til eit musikalsk morgonbad laurdag. Jo, det ligg an til litt av kvart desse dagane, i kyrkja, i løa på Aksla, på Gamlatunet, Plassabakeriet og Galleri Vik.
Artistane stiller opp gratis, men det er sett ein «tøyeleg billettpris» på 200 kroner til dekking av utgifter (kr 50,- for enkelt-arrangement). Festivalpass kan kjøpast på Joker-butikken (sjå plakaten nedanfor). Overskotet vil bli sett av til neste års Vikemusikk-arrangement, fortel Cathrine som håpar at dette kan bli starten på ein tradisjon i Vikebygd.
Pumpa Pampa
På Galleri Vik får du også kjøpt eit originalt «hodeplagg» eller handklede som er ei smart løysing når håret er vått og nyvaska. -Pumpa pampa er eit namn borna mine laga for moro når dei fekk vaska håret, fortel Cathrine. Ho har 14 stk til salgs på galleriet, til 150 kr pr stk.
Nedanfor ser du endeleg program for Vikemusikk 2018:
Klikk her for å laste ned PDF av programmet
Nye kommentarar