Bråstopp i Olabilløpet laurdag
Det tillyste Olabilløpet i Lio-feltet gjekk av stabelen med ein del heimelaga bilar. Det gjekk godt til det var 3 bilar igjen på startstreken.
– Bilen som også har vunne tidlegare, sette utfor frå postkassane i Liofeltet, nedover vegen. Den fekk svært stor fart, fortel Rolf Julsrud. Nede i bakken fekk bilen ein skrens og skar ut av vegen. Hamna så rett i eit tre.
Føraren fekk seg eit kraftig dunk mot treet. Sjukebil vart tilkalla og føraren vart teken med til sjukehuset med hjernerystelse. Etter dette vart resten av løpet kanselert.
Ein tragisk slutt på eit tiltak som var eit godt initiativ. Om dette eller andre slike løp vert laga til fleire gonger vil nok ei risikovurdering av sikkerheita og ekstra sikring vera eit godt råd å ta med seg. Vi vonar Ola-bil-føraren kjem seg fort til hektene igjen.
Invitasjonen til Olabilløpet.
–
Nye kommentarar