Ett annsleis arrangement – i Skjold kyrkje 18. april
Kulturutvalet i Skjold og Vikebygd Sokneråd set opp den kritikarroste førestillinga:
«ALT SITTER I HODET med Ingrid Quist»
Kampen for livet starta når Ingrid Quist fekk uhelbredeleg kreft.
Ingrid Quist og Knut Netland kjem til Skjold kyrkje og tek oss igjennom denne sterke førestillinga onsdag 18. april kl. 19:00.
Den er sett opp for fulle hus fleire stader i distriktet. Omtalar frå tidlegare førestillingar er:
-Dette var brutalt, rørande og utrouleig motiverande.
-Det sterkaste eg har sett på ei scene i Haugesund.
-Denne førestillinga bør setjast opp over heile landet.
-Ingrid Quist er ein utruleg historieforteljar.
-Dette var ein sterk sekser.
Vi har samarbeid om førestillinga med Kreftomsorga i Vindafjord og får Kreftsjukepleiar i Vindafjord med oss denne kvelden. Dei vil fortelja om arbeidet sitt etter førestillinga. Det blir kafésal etter førestillinga og tid for ein drøs.
Eit eventuelt overskot frå denne kvelden vil gå til Kreftomsorga i Vindafjord og deira viktige arbeid.
Det vil bli førehandssal av billettar hos:
- Joker Vikebygd
- Frøken Fryd kafé og Interiør
- Frøken Fryd Blomster og gåver
- Knapphus bensinstasjon
Det blir også sal av billettar i døra.
Billett pris: Kr 250,-
Vi ønskjer alle hjarteleg velkomne og håpar mange vil få med seg denne sterke og gripande førestillinga.
Mvh
Kulturutvalet
Skjold og Vikebygd sokneråd
V/ Aud Jorunn Tordal
Nye kommentarar