Toalett på plass inne i kyrkjebygget
«Våpenhuset» eller gangen i kyrkja er blitt mindre. Den søre delen er kledd inn og det er laga plass for eit toalettrom. Nå treng ein ikkje lengre gå ut og ned til bårehuset for å finna toalett i kyrkja.
Soknerådet har hatt dette som eit mål i fleire år. og nå har det endeleg lukkast å få det klart. Finansieringa er gjort med midlar frå «Stiftelsen Liv og Thomas Bakkevigs Fond for Støtte Til Vedlikehold og Reparasjon Av Vikebygd Kirke».
Arbeidet er fint utført og ein har tatt omsyn til at dette skal passa inn i arkitekturen i den vakre murkyrkja som er verna av riksantikvaren. Det er arkitekt Arne Tveit som har teikna løysinga og røyrleggjararbeidet er utført av Håvard Tveit. Døra frå Våpenhuset og inn i toalettrommet er laga i same stil og fargeval som dei andre dørene. Den eksisterande utedøra i sørveggen er framleis der, men er låst og har ikkje vore nytta på mange år. Arne Tveit fortel at alt er bygd med tanke på at det teoretisk skal kunna fjernast for å gå attende den gamle stilen, men dette er noko ein nok ikkje har som eit mål å gjennomføra. Men krava er slik til eit verna bygg, og endringar må godkjennast både av kyrkjelege organ og av riksantikvaren.
Toalettet og rommet er tilrettelagt for brukarar av rullestol. Når ein nå i tilleg både har fått på plass rullestolrampe ute og tilrettelagt plass i kyrkjerommet slik at rullestolbrukarar kan sitja inne mellom benkene, så har vi ei kyrkje som er endå betre tilrettelagt for at alle skal bruka henne. For nokre år sidan vart det elles laga ein eigen rampe framme i kyrkja, slik at rullestolbrukarar kan koma seg opp til alterringen.
Kyrkjelyden set stor pris på dette som nå er gjort for å leggja tilrette kyrkja, og vi oppfordrar alle i bygda til å nytta søndagne det er gudsteneste her til å vitja kyrkja.
Nye kommentarar