Vikeputten fotballturnering
Det var lange køar med bilar langs vegen gjennom Vikebygd 30. april. Etter to år med pandemi-pause var det igjen arrangert fotballturnering mellom bygdene i Vindafjord, Etne og Nedstrand i Tysvær. I alt 52 lag i aldersgruppene 6-10 år.
Sjølv om det var færre aldersgrupper denne gongen, så såg det ut til å vera like mykje folk på og ved banen som vanleg. Her kom ikkje berre spelarane, lagleiarar og dommarar, men også søsken, foreldre, beste- og oldeforeldre og andre bygdefolk som ville få med seg denne hendinga. Slik plar me gjera det i Vikebygd. Her stiller dei opp, mann av huse når noko skjer og særleg der born og ungdom er i sentrum.
Vikebygd hadde sjølv berre eitt lag på banen i år, men det er også ein del Vikebuar som spelar på Skjoldar. Slik er det godt samarbeid mellom desse to bygdene i kvar sin ende av Vikevegen. Vi får tru at dei som kjem frå Vikebygd og spelar saman med venene frå Skjold, bidreg til gode resultat for Skjoldar.
Etter at laga hadde spela sine kampar så måtte dei inn i «Kjekt-i-Vik-hallen» for å bli fotograferte. Lagbileta vart deretter skrivne ut på diplomar som dei kunne få med seg heim til minne om ein kjekk og flott dag på fotballturnering i Vikebygd.
Utanfor hallen var det rigga til plattform og høgtalaranlegg. I tur og orden vart laga ropa opp. Rune Hetland las opp namna på kvar av dei, som så fekk medalje av Anni Hetland og diplom av Tore Espeland.
Eit så stort arrangement krev mykje dugnadsarbeid. Det var travelt i kiosk-teltet der det var seldt pølser, hamburger, kake, kaffi, is og brus. Det var med nauda at grilloperatørane klarte å halda tritt med salet. Fleire måtte venta til neste ladning på grillen var ferdig steikte, men det tok dei med godt humør. I tillegg til kafé-drift i teltet så var det også køar føre to luker i kiosken på idrettslagshuset. Alle plasser stod unge og vaksne tolmodig i kø og venta på å få levera si bestilling som så vart betalt med VIPPS. Kontantar er mest ut no til dags. Det er mobiltelefonen som gjeld.
Me får retta ein stor takk til alle som stilte opp på dugnad. Først med planlegging, så med tilrigging og gjennomføring, der mange unge stilte opp som dommarar, andre unge og vaksne stilte i kiosk eller med fotografering. Og etterpå – med all rydding. Jo, dei har trening med dette i Vikebygd.
Tradisjon tilbake på 80-talet
Nokre av dei som var med på banane og spela fotball då Vikeputten starta opp igjen i 2002 er kanskje her med eigne born som deltakarar nå? I ein reportasje Vikebygd.org hadde frå arrangementet i 2014 fortalde «Vikeputtens far», Rune Hetland, om oppstarten:
-Me starta med Vikeputten tidleg på 80-talet. Då var det i mykje mindre målestokk. 10-12 lag berre. Men i 1993 slutta dei med Vikeputten og hadde ein pause fram til 2002.
I 2014 var det 79 spelande lag med 700 spelarar og totalt rekna ein at det var mellom 2000 og 2500 samla på og ved idrettsbanen i Vikebygd. Så mange var det nok ikkje i 2022, men ut frå synsing når ein såg alle bilane og folket langs banen, så må her ha vore 1000-1500.
Ei dugnadsbygd som får ting til å skje.
Det er Kjekt i Vik, og mange undrar seg over denne bygda som gong etter gong lagar til arrangement for born, ungdommar og vaksne, der frammøtet er imponerande, både frå dei som kjem på arrangementet og dei som står bak med alt arbeid og mange oppgåver. Sist helg var det speidartivoli, som samarbeid Skjold og Vikebygd. Då var det overraskande mykje folk som kom og fekk ein flott dag saman i båthamna. Snart er det «syttande mai» (og me vonar korset bles støv av instrumenta og stiller opp med korpsmusikk til flaggheising og tog) og til sommaren er det tillyst «Musikk i Vik» arrangement igjen. Så har ein klart å få til teatergruppe for både vaksne og ei for ungdom. Korona-pandemien sette mykje på vent, men nå startar det eine etter det andre opp igjen. Dette er verkeleg ei dugnadsbygd som står saman om aktivitetane.
Sjå også:
Vikeputten 2019
Nye kommentarar