Premiering for nutaturar i 2020
241 personar har vore på alle seks toppane på eitt år, i løpet av dei siste 24 åra. Toppar der speidarane har sett opp nutakassar med bøker i. (Raudt er dei som klarte det i 2020).
Det blei dessverre lagt ut feil liste til mange no veka før påske. Her er oppdatert og korrekt liste over alle som har fått merke, 5-årsmarkering, 10-årsmarkering og 20-årsstav.
Sikkert feil her og, -ansvarleg for desse er i tilfelle: oyvind.valen@haugnett.no
Nedanfor ser du oversikt over dei som gjekk.
Om skrifta er lita, kan du laste ned lista som fil her
Vinnarane – merke og stav
Tirsdag 23. mars starta utdelinga av merker og stavar for nutaåret 2020. Sidan arrangement er ulovleg blei dette gjort via postkassar og dører. Else Tengesdal Valen, Johan Owe og Steinar Skartland fekk 20-årsstav (dei to fyrste er på biletet, oppe til venstre).
Anne Wenche Vik til høgre var den som hadde flest nuteringar i fjor, medan Askev Julsrud hadde flest mellom ungdommane. Her er han omgitt av familien, og alle desse hadde mange turar i fjor. Nederst til høyre er Heine Tjoflot Nes som no har vore på alle i fem år. Systrene og far (på biletet) har også alle nutane. Lars Nesse har også fem dette året
Dei fleste av dei 75 som var på alle i fjor fekk merkene i tirsdag, resten får dei i løpet av påsken.
Ynsker alle god tur til dei flotte Vikefjella også i år!
NB: Det blei også distribuert ei liste ned oversikt over alle 25 åra saman med merker og stavar. I den var det dessverre blitt store feil (kast den). Den som er lagt ut her er den rette!.
Ikkje berre til Såta…
Eg takkar for staven som eg nå har fått,
for i 20 år har eg klatra og gått.
Og takk til speidaren som lagar til,
for dei som vil vandra og ikkje går vill.
Og takk til Roald som har merka med flid,
så me finne fram innan rimeleg tid.
For stiar er merka med pinnar heilt opp.
Så folk lett kan vandra til Vikefjells topp.
Om det blir fleire, ja det får me sjå.
Det er godt for helsa i fjella å gå.
Og når eg vert gammal og krokut i rygg,
så går eg med staven og kjenner meg trygg.
Om beina dei sviktar og pusten blir tung,
I fjellet eg kjenner meg mest like ung.
Du møter meg kanskje, med krokete stav,
Kom blir med du og, det er kjekt med litt lag.
-Helsing Steinar Skartland
Nye kommentarar