Vikebygd Idrettslag får momskompensasjon og grasrotandel.
Vikebygd Idrettslag er tildelt kr 32.033 i momskompensasjon. Dei får også ca. 83.000 i «Grasrotandelen» frå Norsk Tipping. Tildelinga av momskompensasjonen til frivillige organisasjonar er no klar, og for Etne og Vindafjord blir det utdelt over 1,83 millionar kroner. 64 frivillige lokale lag og organisasjonar er mottakarar, skriv Grannar laurdag.
Lotteri- og stiftelsestilsynet skriv på si web-side ( www.lottstift.no ) at dei i 2020 skulle fordele 1,685 milliarder kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar. Formålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet gjennom å kompensera for kostnader som frivillige organisasjoner har hatt til merverdiavgift ved kjøp av varer og tenester, basert på rekneskapsåret 2019.
Grasrotandelen
Dei som nyttar pengespel frå Norsk Tipping kan registrere seg for at ein andel skal gå til eit lag eller organisasjon dei vil støtte. Det er 173 spelarar som har valgt Vikebygd Idrettslag som mottakar av Grasrotandelen, og fram til 20. desember har dette gjeve idrettslaget kr 82.751 i år.
Støtte frå 173 spelarar
Over 630.000 frå Norsk Tipping
Dei som nyttar pengespel frå Norsk Tipping kan registrere seg for at ein andel skal gå til eit lag eller organisasjon dei vil støtte. Det er 173 spelarar som har valgt Vikebygd Idrettslag som mottakar av Grasrotandelen, og fram til 20. desember har dette gjeve idrettslaget kr 82.751 i år.
Samla dei siste 12 åra har Idrettslaget motteke 635.925 kroner frå Norsk Tipping sin Grasrotandel.
Korona krisepakke 3
Koronakrisepakke 3 for frivillige lag og organisasjonar er klar. Formålet med ordninga er å kompensere frivillige organisasjonar som har betydeleg inntektsbortfall frå eller , som følge av pålegg eller råd gitt av styresmaktene i samband med covid-19-utbrotet. Les forskrifta her.
Krisepakke 3 gjeld for perioden 12. mars til og med 31. desember 2020. Søkarane må vere registrerte i Frivilligregisteret. Søknadsfrist er 15. januar 2021.
Oversikt over oppdatert søkarliste og puljevise utbetalinger finn du her.
Les meri på: Krisepakke 3 for frivilligheita – Lotteri- og stiftelsestilsynet (lottstift.no).
Dersom arrangementet eller aktiviteten er heilt eller delvis gjennomført kan de søke om 70 prosent kompensasjon.
Dersom arrangementet eller aktiviteten er heilt avlyst, stengt eller utsett til 2021 og skulle vore arrangert frå 1.november til og med 31. desember kan de søke om 50 prosent kompensasjon. I perioden 12. mars til 1.november kan de få kompensert 70 prosent.
Arrangement eller annan spesifisert aktivitet som på kort varsel må avlysast, stengast eller utsetjast til 2021 på grunn av smitteutbrot eller pålegg som gjer det umogleg å gjennomføre aktivitet, blir rekna som delvis gjennomført. Det vil sei at søkaren i desse tilfella framleis kan få inntil 70 prosent kompensasjon.
Organisasjonar som har mottatt kompensasjon under tidlegere krisepakkar, men som isolert sett for krisepakke 3 har inntektsbortfall under 25 000,- kan også søke. Sjå nærare informasjon under spørsmål og svar, eller send oss ein e-post til krisepakke@lottstift.no.
(Informasjonen er henta frå Lotteri- og Stiftelsestilsynet si web-side).
Nye kommentarar