



by Steinar Skartland · 6. desember 2020
Det var planlagt med tradisjonell lysmesse i kyrkja. Med Korona-smitte i kommunen, vart det forbud mot større samlingar, og så i kyrkjene. Lysmessa måtte avlysast, men kateket og sokneråd valde ei alternativ løysing:
Kateket Britt Karstensen hadde med seg konfirmantane frå Vikebygd og korpset frå Skjold. Då klokka nærma seg 17 på ettermiddagen, ringde Brit Nelly Ness Tveit med kyrkjeklokkene, som til ei vanleg gudsteneste. Ljosa var tende inne i kyrkja, og utanfor var det ljos på juletreet. Her stod korpset og spela julemusikk og konfirmantane deltok med song og faklar.
Etter omlag 20 minutt med musikk, song og appell frå kateketen, som minna om kva 2. søndag i advent er, og om Jesus som julefeiringa markerer, så starta konfirmantane sitt fakkeltog. Ned mot kaien, langs Plassavegen og opp til aldersbustadane. Deretter opp til bedehuset. Me takkar for ljos i adventstida.
Filmen ser du på Facebook (link)
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar