Lauritz Bjørnevik styreleiar i Bygdahuset for nye år
Representantskapet for bygdahuset og styremedlemmene sat spreidt utover heile Litlesalen då dei hadde sitt årsmøte den 28. mai. Eigarorganisasjonane sine representantar valde på alle punkt i samsvar med tilrådinga frå valnemnda. Hilde Fredriksen går inn i staden for Sidsel Tunestveit. I det nye styret set nå: Lauritz Bjørnevik (leiar), Sandra Marie Bjørnset Sælemyr (kasserar), Ingar Eide (styremedlem), Cathrine Hamre Tindeland (styremedlem) og Hilde Fredriksen (styremedlem). I tillegg er eitt varamedlem: Tor Arild Mortveit. I alt var det 17 frammøtte til dette årsmøtet.
Styret peika på at det er mange som er engasjert i ulike rollar i den styreform som er vald for Samvirkeforetaket Vikebygd Bygdahus SA, og utfordra dei frammøtte på om dette kunne organiserast enklare, då det er vanskeleg å finna nok og nye kandidatar. Representantskapet avviste ei endring og ordførar i møtet, Ståle Jordal, viste til at det er gjort endringar tidlegare som vesentleg har redusert kor mange ein treng i formelle verv.
Utfordringar framover er å få i gang dugnad på utvendig vask og måling av huset. I tillegg ynskjer styret at det vert etablert ein eigen pengekomité som kan fokusere på å få inntekter gjennom arrangement. I 2019 har vore gjort mykje vedlikehald og reparasjonar, som i alt har kosta kr 340.000,-. Dette har redusert kapitalen, men Bygdahuset har ennå ein halv million til disposisjon.
Vikebuen er eitt av dei laga som har sikra inntekter til Bygdahuset. Elles er det faste leigeinntekter frå idrettslaget, kommunen og fleire brukarar. Samla leigeinntekter på kr 220.419, salsinntekter på 117.348 + eoit lite beløp frå SØK utgjer samla inntekter på kr 339.718, i 2019. Årsmøtet drøfta tiltak for å få auka oppslutninga av huset og auka leigeinntekter.
Mange er i dei ulike nemder, men det vart peika på at å redusere dei som er engasjerte nå, er feil veg å gå, ein må heller skapa meir engasjement hos bygda for dette felles huset. Det er viktig både å velja valnemnd som også kan innhenta framlegg frå eigarorganisasjonane til vala, og få dugnadsarbeid på plass for å gjera huset ferdig oppussa med td. utvendig måling, nå i vår.
Det er budsjettert med eit lite underskot, men i dette ligg også ein god del oppussing og vedlikehald. Kjøkkenet er nesten nytt og moderne og her bør vera grunnlag for å skaffa meir aktivitet som også vil gje inntekter framover.
Berre lag og foreiningar er eigarar
Fram til 2011 var det eit andelslag med A og B-eigarar (A=lag og organissonar, B=private). I 2012 opphøyrde B-andelane og nå er det flg. eigarorganisasjonar bak samvirkeforetaket:
Idrettslaget (3 repr.), Bondelaget (1 repr.), Korpset (1 representant), Vikebuen (2 representantar) og Vindafjord kommune med 3 repr.
Du kan også finne informasjon om Bygdahuset på Facebook.
-eller på vikebygd.no
Nye kommentarar