Tradisjonen med lysmesse
Det er ein tradisjon som går mange år tilbake. Lysmesse i desember der speidarane har ei sentral rolle saman med konfirmantar og prest. Søndag 8. desember var det igjen masse folk i kyrkja, sjølv om lysa var av. Konfirmantane las bibeltekster og eit etter et av dei levande lysa vart tende i hendene på speidarane.
Speidarane var samla bak i kyrkja i starten. Men etter at lysa vart tende kom dei fram og stilte seg opp i kyrkja. Det vart lesne fleire bibeltekster og songar om lyset.
Frå «La oss vandre i lyset slik som Han er lys» til «Det Lyser i stille grender, av tindrande ljos i kveld. Og tusende barne hender, mot himmelen ljosa held.»
Eit av bibelverset som vart lesne av konfirmantane var frå Jesus si Bergpreike, slik vi finn det i evangeliet etter Matteus, kapittel 5 og vers 14-16:
«De er lyset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje gøymast. Ingen tenner ei oljelampe og set henne under eit kar. Nei, ein set lampa på ein haldar; då lyser ho for alle i huset. Slik skal lyset dykkar lysa for folk, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen!»
Så blir vi ein slik kveld minna på kor godt det kan verta for dei som har det mørkt, at nokon kan vera eit lys for dei. Det kan vi m.a. gjera ved å ta kontakt og å vera venner med dei som er åleine. Jesus sjølv sa at han var lyset i verda. Nå kan vi få lov til å vera eit lys for andre.
Nye kommentarar