Konsert i Vikebygd kyrkje
Vikebygd får besøk av ein av landets beste og mest kjende organistar. Kolbein Haga er fyrsteamanuensis i orgel- og kyrkjemusikk og medansvarleg for kyrkjemusikarutdanninga ved Universitetet i Stavanger / Musikkonservatoriet i 20 år og har m.a. vore 25 år som organist i D.n.kyrkja. Kolbein Haga har gitt konsertar og gjort radio- og plateinnspelingar i Norden, Baltikum, Sveits, Nederland, Storbritannia og Tyskland. Nå legg han den 13. og siste framføringa i haustens konsertserie til fagre Vikebygd kyrkje, med det eminente van Vulpen-orgelet, torsdag 28. november kl. 19.00. Ein leik i Bachs univers, ein dialog av lyrikk og musikk.
Velkommen til konsert 28.11. med Kolbein Haga, saman med forfattaren Odveig Klyve som framfører dikt. Inngangspengar.
Organisten Kolbein Haga og forfattaren Odveig Klyve har ført ein samtale omkring Bachs komposisjonar. For poet så vél som for musikar har dette opna for nye landskap inn i menneskesinnet og i Bachs univers. Me har nå utvikla eit program med musikk og lyrikk som viser fram noko av denne refleksjonen.
Målet vårt har vore å skapa ein produksjon som avspeglar korleis me som musikar og poet kan utforska barokkens komposisjonsformer som t.d. permutasjon, imitasjon og fortspinnung, og la dette avspegla seg både som poesi og som dekonstruksjonar av Bachs musikk. Me opplever at Bachs univers også kan romma oss som kunstnarar i dag og meiner at me som samtidskunstnarar kan skapa noko inspirert av dette musikalske verdsrommet. Me ynskjer formidla desse ambisjonane i eit program med dekonstruering og rekonstruering av utvalde bachverk saman med nyskriven lyrikk, – ordet og menneskerøysta i samspel med utdrag og enkeltstemmer frå Bachs orgelverk i ei veksling mellom dekonstruksjonar og dikt, dikt og rekonstruksjonar = framføring av heile satsar.
Kolbein Haga har lang røynsle som Bach-tolkar med konsertar i inn- og utland. https://nn.wikipedia.org/wiki/Kolbein_Haga
Odveig Klyve har skrive ni diktsamlingar og har lang erfaring med framføring av dikta sine, ofte i samarbeid med musikarar. http://www.odveigklyve.no/
Framføringa OMNE POSSIBILE har funne / finn stad femten stader; frå Enebakk i aust til Bergen i vest. Nokre festivalar har inngått i tournéen:
Norsk orgelfestival /KAPITTEL i Stavanger, Oslo orgelfestival og KIRKEMUSIKKDAGENE i Kristiansand domkyrkje.
Denne leiken i Bachs univers, denne dialogen i musikk og lyrikk, har vunne så pass mykje åtgaum at me legg planar om framføringar også.
Nye kommentarar