Vikestølsmarsjen 2019
Søndag 1. september var dagen for den årlege Vikestølsmarsjen frå Bjoa og Vikebygd. Opp til stølen som ved inngangen av 1900- talet hadde aktiv stølsdrift. Thorsen hadde 8 kyr der oppe og budeie frå Alna.
Men denne søndagen var det ikkje kyr å sjå i fjellet. Beitedyra er borte og skogen har vakse opp på myrane som tidlegare var sommarsbeite for husdyr frå Vikevik.
Kraftige regnbyger veksla med sol på morgonen. Det gjorde nok at ein del var litt forsiktige med å hengja på seg annorakk og tre beina nedi fjellskoa. Men det var kanskje 60-70 som tok turen oppom stølen der dei vart møtt av Jone Ingvald som hadde kaffien klar, med kaker og pølser på grillen. Inne putra lapskaus-kjelen på vedomnen der det brann lystig og vermde dei som samla seg inne i hytta.
Det var ikkje så mange dropane som kom, men hytta ga ly dei få minuttane som det styrta ned. Mellom bygene var det i solskinet hesteskokasting på ei jarnstong ute i vegen. Litt utrygt var det kanskje å koma opp stigen frå Eikås og bli møtt av hestesko som spratt og trilla der dei sjølve hadde lyst – og ikkje alltid dit kastaren sikta. Prisen for deltaking var det ikkje noko å seia på, kanskje litt billeg? For 10 kroner kunne ein få kasta 3 hestesko x 5 rundar.
Før dagen skulle sluttast av var det som vanleg basar-tid. Det var mange bøker med selde lodd og mange gevnstar. Pengane går til vedlikehald av hytta. Men styret har utvida planar. Dei vonar å kunne få på plass finansiering nok til å riva den gamle skulestova frå Bjoa og erstatta den med eit nytt, flott bygg.
– Det er mange fond me kan søkja støtte frå, sa Anna Langhelle som er i styret for hytta. Ho vona at også lokale bedrifter kunne stilla opp med noko midlar, slik at den nye flotte hytta som arkitekt Tveit har teikna, kunne byggjast neste sommar.
– Den skal vera som før, ein plass der folk kan koma på tur og overnatta, sa ho. Vikestølshytta skal vera open for alle.
Vi ønskjer alt vel for det driftige styret som står på for at Vikestølen skal verta eit endå meir ettertrakta turmål. Med god veg opp så kan kanskje også handikappa og folk som elles slit med ein fjelltur, få koma seg opp hit. Men vegen vil framleis vera stengd for motorkøyrety, utanom når grunneigarane gjev løyve i spesielle tilefelle.
Seterliv på Vikestølen ca 1910
(Utdrag frå heftet om Vikestølen, etter Helge Nagel Alna)
Ein tidleg junidagsmorgon kring 1910, steig det blå, fin røyk opp frå Vikestølsbua. Det var seterliv her oppe den gongen. Budeia, Talette Helene Alne, eller Lena Akslå som ho vart kalla i dagleg tale, hadde teke på seg å støla for skipsreiar Thorsen denne sumaren.
Det var ho som var stått opp for å koka seg kaffi, før ho byrja på ein ny lang dag, som teikna til å verta fin. Røyken steig rett til ver, og det tydde gleda. Den første såerla fekk ho sjå ut på steinhella i dag, frå sida, og det tydde òg gleda.
Men dersom ho hadde sett erla framanfrå, i bringa, varsla det sorg i året som kom. Heldigvis, tenkte ho, at det var frå sida.
Så ho var lett i hugen der ho sat, med sterk kaffi, sjølvlaga smør og kaker, og ei god fløytekolle attåt. Når ho var ferdig med matstellet, var det å koma seg i stølsfjosen, der kyrne stod og venta på å verta mjølka, for så å kome seg ut på beite. Sola stod høgt over Vikedalen, så ho trong å bryta opp frå draumane sine. Ho tok plagget og sekkebreidda ned frå knaggen i stølsbusvala, knytte plagget under haka og feste breidda kring hoftene. Steig så i treskorne, tok mjølkebøtta i neven og rusla over stølsvollen. Til fjose, der Dagros, Plomrei, Nettrei og nokre til stod og venta henne.
Dagros reiste seg idet ho gjekk over vollen, og der kom klåre tonar frå ei messingbjølle som blanda seg med fuglesongen. Ho hekta kroken frå hempa og opna døra, og helsa kyrne med nokre rolege ord. Så tok ho reka og måkte, fann fram mjølkekrakken, og sette seg til å mjølke så det skraua i bøtta medan ho song.
Etterpå vart mjølka silt og tømd i strompen, og når den var full, vart resten teke inn i bua og tømd i trekar og sett til fløytekoller.
På heimveg
Når det var gjort, tok ho strompen på ryggen og gav seg på heimveg. Då ho kom ut til
Røytetjødnå, letta det ein heilo frå stille vatn, den sende ut sine klagande tonar som gav ekko i Trodlafjellet. Nøkkrosa hadde laga seg til med mange knoppar som stakk opp av vassflata, her vert det endå finare når dei blømer.
Då bar det ned Feiingsbrekkå mot Långavatnet, der eka låg i strandkanten frå kvelden før. Som oftast rodde ho langs Långavatnet, og prøvde å få ein aure ved Brurasteinen. Turen utover vatnet gjekk lett, det var tyngre innatt, mot straumen.
Når ho hadde drege eka opp i stranda, var det å ta strompen på ryggen att. Ved Halvardshauglibekkjen sette ho børa frå seg, for å drikka, det var så godt vatn her. Så bar det nedover mot Kleivane, her måtte ho alltid stansa, utsynet over bygda, fjorden og heim til Alna.
Ho sette seg på kvilesteinen, som er forma som eit sete. Segna seier at den er forma slik fordi den har vore brukt i så lang tid at det er merke etter enden.
Etter kvila bar det nedover til Rabbane i Vik der Thorsen budde. Her leverte ho mjølk og smør, for så å ta fatt på siste kneiken opp Alnaliå, til Akslå. Ho var framme der kanskje alt i 11 tida. Mora hadde så smått teke til å koka middag. Så kunne ho kunne hjelpa til på garden midt i dagen.
Men når det leid til nons var det å ta ut på ny tur til støls.
Frå laurdag til måndags morgon var ho på stølen. Då kom det oftast folk opp til Vikestølen, der dei fekk flatbrød og fløytekolla. Og då vart det triveleg med leik og moro på setervollen.
Les heile stykket her (skrive av Helge Nagel Alne)
Nye kommentarar