Vikemusikk – eit lokalt kulturarrangement
Vikebuen (ikkje laget, men lokalbefolkninga) kan skilte med mange gode musikarar. Fleire har bak seg ei proffesjonell tid, andre er aktive i dag. Når dei i tillegg for med seg hyttefolk og feriegjester som også lever for og av musikken, ja då blir det eit kulturarrangement, både i Løa på Aksla, Gamlatunet, Plassabakeriet og i kyrkja. Torsdag til laurdag kan folket koma saman og gle seg over både konsertar, eventyrlesing, badetur og kyrkjekonsert. Det er eit kulturarrangement for store og små. Lytt til musikken her.
Les meir om Lady Hardanger her. Du kan også sjå film frå konserten på Facebook
Jone Bjerga
Fredag valde Jone Bjerga å stå på ei lita høde utanfor Løa då han spela sjølvskrivne og eigenkomponerte songar for publoikummet som samla seg med vinterjakker og pledd for å halda varmen i den kalde sumardagen på Alna. Før han slapp til var det halvannan time med allsong inne i steinløa som Dag Alne har restaurert og gjort om til konsertlokale.
Dan Bergmann
Dan Bergmann er svensk av språk og opphav. Han vart kjend med Norge då han som ung turnerte på Vestlandet og på langs av landet med bandet sitt. Etter mange år som lærar har han slege seg til i Vikebygd. Det var den stora kjärleken som sørga for det. Her har han også vikariert både i skule og barnehage, men bidreg også med gitaren og musikken i mange samanhengar, som denne fredagen med eigen konsert i Løa på Aksla. Her vanka både applaus, lovord og takk. Folket sette stor pris på musikken, historiane han hadde å knyuta til denne og hans proffe framføring.
Nye kommentarar