Vikestølsmøtet for 119. gong
Så var dei atter samla på stølen, for 119. gong. Folket frå bygdene Vikebygd,Bjoa, Vats, Skjold og Ølen starta desse møtene i år 1900. Søndag 7. juli 2019 var 45 samla til stemnemøte på Vikestølen. Det rigna om morgonen, men det stansa ikkje folk frå å ta ut på stiane og skogsvegane opp i Vikefjella. Harald Eintveit (tidlegare sokneprest i Vikedal) var hovudtalar og hadde ein klår og god bodskap i talen sin over søndagsteksten frå Matteus kap. 9, versa 35-38 (Grøda er stor, men arbeidsfolka er få. Be då han som er herre over grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.)
Det var to møte eit klokka 12 og eit klokka 14. Heile 45 deltok og sessa seg inne i hytta, nokre ute i gangen. Presten, Harald Eintveit, tala i det første møtet, der det også var tre songar av Silje Koltveit, som ho sjølv spela piano til. Men også mykje god allsang til flott trekkspelmusikk ved Hans Asbjørn Aasbø og litt gitarspel til ved Steinar Skartland. Møtet vart leia av Endre Stople. Ved starten av møtet song møtelyden ein ny song om Vikestølen, dikta av Jørgen Johannes Landa, medan Olav Granberg heiste flagget oppe ved minnestøtta. I det andre møtet var det Steinar Skartland som hadde opningsandakt. Her vart mykje song og fleire fekk dela ord frå bibelen, helsingar og songar.
Vikestølsmøta gjennom 119 år
Gjennom snart 120 år har folk frå bygdene i Vindafjord kome saman til sommarstemne og kristne møte på Vikestølen. Tidleg på 1900 talet var her stølsdrift for gardar i Vikebygd. Den tida er over, men idrettslaga i Bjoa og Vikebygd fekk i 1969 flytta opp hit eit gamalt skulehus frå Bjoa som er omgjort til hytte. Staden er for mange eit turmål på gode skogsvegar frå Eikås og Vikevik.
Tidlegare sokneprest Harald Eintveit blir i år hovudtalar på stemnemøtet som tek til klokka 12:00. Etter ei matøkt med tid for niste og drøs, blir det også ettermiddagsmøte klokka 14:00. Song og musikk høyrer med og det blir teke opp ein kollekt til arbeidet.
Ta turen på god skogsveg frå Eikås på Bjoa (45 min) eller frå Vikebygd (1 t). Ein prøver å ordna skyss opp for eldre som synes turen blir for tung (tlf. 90873170 / 95217818).
Vikestølsmøtet vert arrangert av eit styre med ein representant frå kvar av dei fem kyrkjesokna som ligg rundt dette fjellet. I styret set nå: Hans Asbjørn Åsbø (Bjoa), Olav Granberg (Ølen), Endre Stople (Skjold), Steinar Skartland (Vikebygd) og Jørgen J. Landa (Vats). Arrangementet «Vikestølsmøtet» arrangerer dette årlege fjellstemnet uavhengig av hyttestyret, men får nytta stølen og hytta i tråd med gamal tradisjon og avtale.
Du kan lesa meir om Vikestølsmøta gjennom 120 år her, i heftet som vart laga til 100-års jubiléet i år 2000.
Tradisjon i snart 120 år
Det tok til året 1900 og folket frå Vikebygd, Skjold, Bjoa, Vats og Ølen har halde fram med å samlast til fjellstemne på Vikestølen i snart 120 år.
Nye kommentarar