Svartaløa er historie
Tidlegare i veka vart Svartaløa si skjebne forsegla. Bygget er rive og nå står berre murane att. Også dei skal bort og plass ryddast for sykkel- og gangstien frå Trovågsfeltet til Isvik.
Svartaløa er historie
Grendautvalet gjorde eit siste forsøk på å etablera ei stifting som kunne ta ansvar for løa, men Vegvesenet heldt på at kostnadane med å byggja sykkel og gangsti utanom løa, måtte dekkast inn. Omlegging ville kosta fleire hundre tusen kroner.
Amtsdele frå vegbygging i 1876
Nå er dette ein del av historia frå det som var, men truleg ikkje kjem att. Svartaløa som mange generasjonar har referert til som staden der grensa mellom Hordaland og Rogaland gjekk, eller skal vi seia mellom Sunnhordland og Haugalandet, -den låg i si tid 60 meter sør for steinen med innskrifta som fortalde om Amtsdelet. Den markerte i si tid grensa mellom Søndre Bergenhus amt og Stavanger amt. Ved kommuneinndelinga i 1837 var dette dessutan grensa mellom Skjold og Fjelberg kommunar.
Så vart fylkesgrensa flytta og Ølen vart liggjande i Rogaland. Frå 2006 vart Ølen og Vindafjord til ein og same kommune. Det var ikkje lengre eit amtsdele eller fylkesgrense her. Heller ikkje ei kommunegrense.
Svartaløa var ikkje lengre svart, slik den var i mannsaldrar. Den vart måla raud for mange år sidan. Likevel heldt folk fram med å kalla denne for «Svartaløa.» For mange eit kulturminne. Ein stad dei sykla fort forbi når det var mørkt. Nokre vaksne likte å skremma borna med at her var det skrømt. Slik set seg i sinnet til unge. Slik var det også sagt om det gamle kvernhuset ved Vasslivatnet. Vaksne fortalde om skrømt. Tykte det var morosamt. Men borna vart fælne. Våga ikkje gå der i mørkret. Nei, det er ikkje skrømt. Det finnes ikkje.
Nå finst heller ikkje Svartaløa meir. Den som i mange år har vore raud. Men derimot skal merkesteinen som viser det tidlegare amtsdelet få stå. Truleg mellom sykklstien og vegen,
Nye kommentarar