


by Steinar Skartland · 9. april 2019
Elevane på Vik skule hadde gjort ein god jobb med å presentere bygda før og no. Gjennom deltaking i quiz konkurranse kunne alle som kom til bygdahuset denne ettermiddagen få setja seg godt inn i bygda si historie. Her måtte ein lesa tekstane og studera både bileta og formindsaktivitetane for å finna svara, om ein då ikkje var ekspert på dette frå før.
Kveldens konferansierar: Mathilde og Eline:
Sjuande-klassingane gjorde ein god jobbe med å losa oss gjennom kvelden og programmet.
Mange var tidleg ute og kunne nyta lapskaus – middag med gode kaker og kaffi til dessert frå klokka 15:30. Dette var det FAU som hadde ansvar for. Det meste her var nok heimelaga, og godt smakte det. Kafé-rommet var fullt det meste av tida. Like mykje ein sosial møtestad for heile familiane, der mange eldre nytta høvet til å treffast og fretta nytt frå bygda, om dei hadde barnebarn og oldebarn i skulen eller ikkje.
Historisk utstilling frå bygda
Så opna dørene seg til den store salen klokka 16:30. Her var mykje flott å sjå, og det er tydeleg at borna i skulen hadde sett seg godt inn i bygda si historie. Skal du planleggja framtida, må du også kjenne fortida. Den forklarer kvifor ting er som det er.
Intervjuet
Elevane hadde i år invitert Birge Nagel-Alne til eit intervju på scenen. Her fekk bygda høyra om interessa for idrett og planane Birge hadde for kanskje ei proff-karriere innan Basket ball ein gong. Inntil vidare er han elev på idrettsgymnasium i Bergen.
Underhaldning med vaksne musikkarar
Som avslutning var det ein liten konsert med vaksne musikkarar frå Vikebygd.
Kunngjeringa:
Vik skule og barnehage ønskjer velkommen til kulturettermiddag på Bygdahuset
TYSDAG 09.04.2019
Tema : Vikebygd før og nå
PROGRAM:
15.30-17.30: Kafê. Sal av lapskaus, pølser, kaffi og kaker.
16.30: Me opnar dørene til storsalen. Utstilling og konkurransen «Kjenner du Vikebygd?», laga av elevane på skulen.
18.00 – ca. 19.40:
Velkommen til:
Det er ingen komande hendingar
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar