
Val og nominasjon til soknerådet
For tida arbeider sokneråda med å rekruttere personar i kvar bygd til teneste i sokneråda i kommande periode. Dei oppfordrar personar både om å vera positive til spørsmål om å stille på liste til soknerådet og til å tipsa soknerådete om dei kan tenkja seg å stille til val for det lokale soknerådet. I tillegg har bispedømmerådet oppretta eit valråd med nominasjonsnemnder for val til bispedømmerådet. I dette valrådet sit Steinar Skartland som leiar. Valrådet for bispedømmet har ei overordna rolle med å godkjenne lister, nominasjonsnemnder, informasjonsarbeid og valarbeidet til Stavanger bispedømmeråd. I nominasjonsnemnd for «leke medlemmer» i bispedømmerådet er Haugaland prosti representert med Dagfinn Våge og vararepr. Britt Nelly Ness Tveit.
Les meir nedanfor om nominasjon og lister til soknerådet lokalt.

Les meir om dette i kyrkjebladet Hyrdingen som kjem ut torsdag 11. april
Nye kommentarar