Felles årsmøte for Skjold og Vikebygd søndag 17. mars
Denne søndagen var det folk frå både Skjold og Vikebygd sokn saman i kyrkja vår, då det felles soknerådet kalla saman kyrkjelydane til årsmøte. Først var det ei gudsteneste i Vikebygd kyrkje, som sokneprest Kristian Kyllingstad hadde hand om.
Etter gudstenesta vart det bore inn kaker og kaffimat i kyrkjerommet. Her var det rikesleg for alle – og attpå til noko til overs. Det er godt å få stansa igjen og prata samen etter gudstenesta, slik dei i gamle dagar møttest på kyrkjebakken.
Så slutta samværet av med årsmøte.
Leiaren i det felles soknerådet for Skjold og Vikebygd, Brit Nelly Ness Tveit, var i Stavanger for å delta i innsetjingsgudstenesta for den nye biskopen, Anne Lise Ådnøy.
Difor var det nestleiar i soknerådet, Kari Synøve Velde Haugen, som leia årsmøtet der medlemmene i soknerådet var samle saman med kyrkjelyden.
Felles sokneråd for Skjold og Vikebygd
I tillegg til Brit Nelly og Kari Synnøve, så består soknerådet av:
Gunnbjørg Nesbu, Øyvind Valen, Anne Kristine Andersen, Dag Hans Nagel Alne, Bente Helen Øren og Kirsti Medhaug Hjelmeland. Som varamedlemmer er: Aud Jorunn Tordal, Georg Bakke, Linda Langeland, Sigmund Eggebø og Karolina Fisk Eide.
Årsmeldinga viste både stor aktivitet innan trusopplæring, diakoni og rik kyrkjeleg arbeid. Likevel viser statistikken nedgang i gjennomsnittleg frammøte på gudstenestene både i Skjold og i Vikebygd. Frå 2019 av vil også talet på gudstenester i Vikebygd vera reduserte til 10 faste i året. Tanken er at med mindre frammøte bør ein i større grad samlast om felles gudstenester. Det er kort avstand mellom Vikebygd og Skjold. Så her bør kyrkjelydane sjå korleis ein i større grad enn før kan samlast i lag under same kyrkjetak, i Vikebygd, Skjold og Vats, som har felles sokneprest.
Talet på døypte har gått ned i Skjold, men auka i Vikebygd. Truleg også fordi folk i større grad reiser mellom bygdane for å få dåp den søndagen det høver best for familien. Kyrkje har ikkje lengre tilgang til registeret over fødde. Det er ei stor utfordring når ein skal invitera til dåp. Sjølv om kyrkja har register over alle medlemmer, er dåpen innmeldinga i kyrkja og før den tid har ikkje kyrkja overskt over kven borna er. Derimot er det sjølvsagt både lov og viktig for dei som er medlemmer å minna kvandre på både å kontakta kyrkja for å få dåp, og for å delta i annan arbeid.
Vi vonar mange vil ta imot tilbodet om å kontakta kyrkjekontoret eller soknepresten for å avtala dåp når dei har små born.
Vi vonar å få leggja ut årsmeldinga her på vikebygd.org, straks vi får tilgang til den i digital form.
Nye kommentarar