

by Steinar Skartland · 24. desember 2018
Ein stor takk til Sunniva Tveit Gregersen og alle som gjorde at vi også denne jula kunne starta feiringa slik tradisjonen er i Vikebygd, med gudsteneste klokka 16:00 på juleafta.
Sunniva gjorde ein god innsats som gudstenesteleiar og talar på denne julegudstenesta der det var mest fullt i kyrkja. På orgelkrakken sat faren, Arne Tveit, og i kyrkjedøra stod Brit Nelly og ynskte velkommen til gudsteneta. Tekstlesar og «medliturg» var Ingrid Mathilde Sørvåg, medan Øyvind Valen hadde oppgåva som kyrkjetenar og ringde med klokkene.
Ekstra stor stas er det at dei mange gode musikkarane vi har i bygda. Korpset stilte opp utan dirrigent dette året, men flott spela dei og hausta god applaus, noko som også følgde etter song av Vegard Skartland og Iselin Eidhammer Tveit til gitarmusikk av Tom Roger Aadland. Frå galleriet kom ikkje berre orgelmusikk, men også tonane av Helge Veastad på sologitar.
Vi kan ikkje anna enn å seia ei stor takk til alle som stod bak denne flotte gudstenesta. Dei gjer ein fantastisk jobb for bygda og for å la oss få del i juleevangeliet i kyrkja som starten på vår familiære julefeiring i heimane etterpå.
God JUl!
Det er ingen komande hendingar
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar