Venskapleg kappestrid på idrettsplassen
Bygdefolk møttest på aktivitetsdag på idrettsbanen, trass i vekslande vêr. Kaskje litt færre enn om sola hadde skine heile tida? Men her fekk born, ungdom og vaksne tevla mot kvarandre.
Slike arrangemnent kjem heilt klart innunder kategorien: Frisk-livs arrangement. Å få familiane ut i lag for å delta på familieorientering, lengdehopp, kulestøyt, sykkel og springing. Både 60 meter og 400 meter. Bogeskyting og fotball var inne i hallen. Alle fekk premiar og ikkje minst kunne alle kjøpa seg pølse, hamburgar, kaker, kaffi og saft i kiosken. Konkurransane gjekk til musikk over høgtalar anlegget, med avbrot av speakeren, Solveig Hortman.
Sykkelløp vekslande delvis på bane, grusveg og i terreng. |
|
Triatlon: Stylter – 60 m springing – 300 m baneløp på sykkel
Alle deltakarane fekk eit lodd ved påmelding og det vart trekt ut to premiar på desse etter at dagen var over. Første vinnar vart Sandra Marie NjørnsethSælemyr, som vann treningstid på treningsstudioet i Jokerkjellaren. Andre vinnar vart Thomas og Thea som vann billettar til FKH kamp.
Mange gjorde dugnad på arrangementet, med m.a. opprigging, oppmerking og rydding, kafé/kiosk, som «vertar» på konkurransepostane og premieutdeling til alle som deltok. Vêret styrer vi ikkje, heledigvis, men ein har ikkje meir morro enn den me lagar sjølv. Takk for eit bra tiltak.
Programmet:
AKTIVITETSDAG
PÅ IDRETTSPLASSEN I VIKEBYGD SØNDAG 23. September
ALLE PÅMELDE ER MED I FØLGJANDE TREKNINGAR:
0-17år: To billettar til: FKH-kamp
Over 17år: 1 mnd trim hos Joker
PROGRAM:
13.30 – Påmelding
Kr. 50,- pr. deltager
Kr. 150,- for familie
Alle påmelde får premie
14.00 – Aktivitetar
– Lengdehopp
– Kule
– Orientering
– Fotballferdigheiter
– Sykkelferdigheiter
(ta med sykkel og hjelm)
– 60m løp
– Pil & boge
– off-road sykkelritt
Triatlon kamp mellom bygdene…
Stylter, sykkel & løp.
400m Baneløp (Fellesstart – alle aldre)
Resultat/premiar. Slutt ca 16.00
Betaling med Vipps er mulig.
SALG:
Under heile arrangementet blir det salg av pølser, lappar, kaker, brus og kaffi.
Gratis saft til alle deltakarane.
Heile arrangementet skjer utandørs. Husk klær etter vêrforholda.
Nye kommentarar