Fin haustfest sjølv om regnet silte ned i starten
Aud Jorunn opna haustfesten med tale til gjestene. Ho rosa dei som på dugnad hadde lagt til rettes plassen og bygd tak over.
Aud Jorunn kunne ønskje velkommen til familiefest under tak. Nabolaget hadde stilt opp på dugnad, og dagen før til mørke kvellen. Over det hellelagde området i sørvestre hjørna var det bygd tak. Her var det sal av pølser, lappar, kaker og kaffi. Alt til 10 kroner pr stk.
Folk i alle aldrar benka seg på bord og benker og fekk med seg både velkomsttalen til Aud Jorunn og songane som duetten Lene og LIna underheldt med. Deretter var det Ingar Eide som fekk med seg mange ut i regnet til fotballaktivitetar – for alle, uansett alder. Regnet letta etter kvart og grupper av familiar vart sende ut på rebusløp rundt Lio feltet.
Og litt spenning var det nok også for dei som kjøpte lodd på dei mange flot gevinstane som styret i LIoVel hadde samla inn. Pengene går til å gjera dete til ein endå betre plass for store og små i bygda.
Eigentleg er det så mykje kjekt og flott som skjer i Vikebygd at ein skulle tru at mange av dei som har hytter her kunne flytta fast til bygda og heller reisa på hyttetur heimover. Det er i alle fall flott å sjå at fleire tomter i Lio 2 feltet er selde og nye grunnmurar er under oppføring.
Lina og Lene underheld med duettsong og gitar
Det er ein flott leikeplass og festplass som er laga til på dugnad. Her er sett opp mange aktivitetsarrangement. Sklie, reilestativ, trampoline, klatretau mellom trea, ein båt, krocketspel og ein stor sandkasse med leiker, er på plass.
Leikeplass med masse flott utstyr – og tak over hjørna.
Taket er på plass over den hellellagde plassen der det også står brunmalte bord og benker.
Og festen heldt fram utover kvelde for dei store.
Foto: LInda Frotjold (Facebook). Sola kom fram og benkene ut på plassen der Haustfesten heldt fram til musikk frå Lina og Lene med gitar.
Haustfest på leikeplassen i Liofeltet Laurdag 25. august kl. 15.00
Invitasjonen frå Linda Frotjold:
Ta med deg heile familien, kom og var litt sosiale på leikeplassen i Liofeltet. Det blir loddsalg, song og musikk av Lene Bjerga og Lina Fisk Eide. Det blir leiker for små og store, pluss utdeling av premier. Det blir salg av pølser i brød, kaker, lappar, kaffi og det er gratis saft til alle. Det er veldig greit å ha med seg ein stol ! ;).
Bli det bra vær fyrer me opp i bålpanna og blir sitjande utover kvelden. Vil du ha noko godt i glaset så tek du det med deg:)
Overskotet går til vedlikehald og endeleg skal me få byggje tak over plattinga på leikeplassen. Me har fått støtte frå Grendautvalet som har gjort det mulig for oss å bygge taket. Me trur dette vil gjere leikeplassen enda meir attraktiv for alle sambygdningar:).
Då håpar me at både dåken og værgudane vil vera med oss 🙂
Ps: Gevinster til loddsalget mottas med takk! 😉
Mvh Styret i Liovel
Nye kommentarar