Fredag var dagen med offisiell opning av festivalen: Vikemusikk 2018. Først med tog gjenom bygda og ein stopp ved butikken. Så var det opningskonsert på Plasset med opning av varaordføraren, vidare med Ukulelekurs, Historisk vandring gjennom bygda; Konsert i løa på Aksla, og avslutning med blues og pop konsert på Gamlatunet, der Arne og Helge spela saman. Vi legg ut nokre av fotominnene her, men viser også til Facebook.
Starten med eit lite tog gjennom bygda og fram til Plasset der det opningskonserten var.
Solveig Hortmann styrte toget og informasjonen med ropert.
Stopp for lappar, kaffi og is hos Gunn på Jokerbutikken
Etter velkostord ved Solveig og ein opningstale ved varaordføraren, så var det Vegard Skartland sin tur for song saman med Cathrine på Ukulele.
Lene Bjerga framførte songar ho sjølv har laga.
Siste innslag var folkemusikk på Hardingefeler ved Erling Berstad og Siri Dyvik
Ei lita gruppe born, ungdom og vaksne deltok på Ukulele – orkesterworkshop for nybyrjarar. Leia av Cathrine Nordseth.
Då klokka nærma seg 18, vandra eller køyrde folket opp til Alna og Løå som Dag Nagel-Alne ahr restaurert og gjort om til ei fest og møtelokale, -høgt der oppe med utsikt over heile Midt- og Sørabygda
Løå på Akslå er sett i stand omtrent slik ho ein gong var, men rekna for at folk skal få sitjeplass inne, til musikk og kultur. Det vart tald 67 tilhøyrarar på konserten, og det var plass til fleire.
Konserten i Løå tok over to timar, med innlagd pause der folket kunne få seg kaffi, pølser i lompe og andre drikkevarer.
Dag fortalde grundig og interessant om bakgrunnen for dette bygget og arbeidet med restaureringa, noko han har fått tilskott til.
Sjølve konserten tok til med musikk på Cello av Åsmund Birkeland og Fløyte ved Frøydis Lysne.
Erling Berstad og Siri Dyvik tok oss tilbake til Hardanger på starten av 1800-talet, med ein Rull frå Lofthus, på Hardigfeler, Deretter følgde dei opp med to Bruraslag frå Bjerkreim. Siri påpeika at ho hadde stemt fela i fleire dagar for å få den bra til konserten. Dei var dyktige i å handsama desse instrumenta.
Dei tre ungdommane i «Barne-Barne-Banden» framførte fleire songar både på Plasset og i Løæ på Alna. Også songar dei hadde skreve sjølve.
Eit spesielt innslag var då Roald Årvik presenterte den nye boka som kjem ut til hausten. Her var lokale historiar knytta opp mot eit stort tal bilete han sjølv hadde fotografert på turane i fjellet.
Cathrine Nordseth framførete m.a. den flotte songen om Vikevik i Vikebygd, som ho har dikta.
Lene Bjerga song fleire songar, både laga av henne sjølv og andre.
Vi var litt over tida då konserten i Løå var ferdig og folket kunne skunda seg nedover mot bygda igjen for å få med oss siste konserten denne fredagen.
På Gamlatunet venta Helge Veastad og Arne Tveit med ei blues og pop konsert som varte i halvannan time inkludert pausar. Veldig bra framført for eit fullsett Gamlatunet med kanskje 50-60 gjester i to stover, litt i andre etasjen, på gangen og ute.
Ein vellukka dag var over for arrangørteamet av Vikemusikk festivalen 2018.
Sjå opptak av Helge og Arne på Gamlatunet under Vikemusikk festivalen.
Nye kommentarar