Sommarshow frå Plasset – direkte på Radio 102
Det er etter kvart ein årleg tradisjon at Radio 102 sine reportarar lagar program frå Plassabakeriet i Vikebygd, ein torsdag klokka 12-14, midt i juli. Uteplassen vart fylt opp av hyttefolk og feriegjester, og ein og annan fastbuande vikebu. I det vedfyrte bakeriet sveitta dei over bolledeigen. Mange venta på å få kjøpa med seg ein pose med snurringar, medan borna venta på flaskeposten.
Ut frå forklaringa reportarane ga om vegen til Vikebygd, kunne det høyrast ut som om det var første gong dei reiste utanfor bykjerna av Haugesund. Dei vart forundra over banneret som møtte dei ved Galleri Vik om at «Bygda Takkar Deg». Jo, vi har mange å takka i Vikebygd. Det kom også fram gjennom programmet dei laga frå Plassabakeriet denne ettermiddagen. Her presenterte dei både Plassabakeriet, der Bjørn var i full gong med bollesteikinga og Margareth med kjøkkengjengen hadde halde på frå klokka 7 om morgonen med komlemiddag. At folk strøymer til Plassabakeriet i juli frå både hytter og hus, i Vikebygd og nabobygdene, viser at dette er noko dei set stor pris på. Mange har eit ynskje om at sesongen må bli utvida. Så er også Bjørn og Margareth flinke til å skapa arrangementer og god stemning. Og ikkje minst god mat som folk gjerne vil ta med familien til.
Men mange andre fekk også plass mellom musikkinnslaga frå studio:
Arrangørane av Vikemusikk 2018 var sjølvsagt på plass i Radio 102 programmet. Også med demonstrasjon av Ukulele, eit instrument fleire kan få lære å bruke på fredag. Ein spennande festival som engasjerer mange og som viser litt av det kulturelle og musikalske nivået vi har i denne vakre bygda ved Ålfjorden. -med kort veg frå fjord til fjell, slik Roald sa det.
At Roald Årvik held på med bok om Vikebygd, fortald i bilete og ord, er vel godt kjent på heile Haugalandet nå, etter presentasjonen av stiryddar, fotograf og turvegmerkaren som har tilrettelagt 25 turløyper i Vikebygdnaturen. Alle vist på karta til ut.no. Boka, som først kjem til hausten, har fått så god respons allereie at han vurderer å auka opplaget.
Men det borna venta på var nok ikkje slike innslag. Dei var klare med badedrakt under kleda og venta på at flaskepost-frå Radio 102 skulle kastast på sjøen, og dei få hoppa etter. I år så vart dette delt i to slik at dei som ikkje kunne symja fekk si eiga flaskejakt inne på grunna, der dei kunne vassa. Nokre med god hjelp av mor eller far i jakta på flaskene. Inni var eit ark med loddnummer og ei liste over premiar dei kunne vinna når dei berre fekk tak i ei flaske.
Nye kommentarar