Vernissasje og kunst med lokale røter
Det vesle Galleri Vik, som ligg tett i hovudvegen gjennom Vikebygd, vart fylt opp med interesserte gjester då dørene opna klokka 16:00 på torsdag 19. juli og Cathrine Nordstrøm inviterte inn. Veggene er fylt opp med kunstverk av tre kunstnarar som har tilknytting til Vikebygd på forskjellig vis.
– Me talde til 60-70 besøkjande på opninga og det kom fleire etterpå, sa Sven Erik Grydeland som rekna med at det var minst 100 innom den første timen. Han har 22 akryl-måleri med på denne utstillinga. – Likar å byggja på eit litterært tema, seier han og viser fram fire måleri med motiv vi kjenner igjen frå Oslo. Dei har i seg kritiske tankar om korleis ny arkitektur og bygg for dei rike teke bort utsikten til arbeiderbustadane i det historiske Oslo. «When the walls came tumbling down» viser litt av tankane for korleis dette burde enda.
Grydeland bur i Oslo, men har sommarshus i Naustvika, der kona hans er ifrå. Her har han vore i 30 år, fortel han. Starta si karriere som kunstnar, men jobba i fleire år med anna yrke. Dei siste åra har han igjen satsa fullt på kunsten.
Eli Nesse Jacobsen må vel seiast vera den av kunstnarane som har sterkast tilknyting til Vikebygd. I fleire år har ho budd på Vesastad, der ho driv gard saman med mannen, og har laga ei rekkje motiv som «Grafikk-dyptrykk.» Til Galleri Vik har ho med seg 20 av desse, og mange med landbruksmotiv.
Av utstillarane er også Erling Nesse. Han deltok nyleg med 48 bilete i Aksdal, og har med seg tre motiv i akvarell/teikning. Vi kjenner igjen «Hardangersaum» oppå anna motiv og lurer på kva som trigga til akkurat dette motivet. – Eg har ein mastergrad i kunst og handverk. Gjennom dette studiet var eg innom alle ulike kunstformer, men det eg meistra minst var tekstil, seier han og har i seinare tid vore spesielt oppteken av tekstil som motiv.
For omlag sju år sidan budda han 2-3 år på garden til søstera, Eli, i Vikebygd. Så han kjenner godt denne bygda. Nå bur han i Tysvær og har jobba som lærar i fleire år på Etne VGS. Då den vart lagt ned søkta han seg over til Uni-K i Haugesund. Kunsten blir i tillegg til denne jobben.
På Galleri Vik vanka det også musikk for gjestene ved Åsmund Birkeland som spela eit stykke av Bach på Cello, og fleire songar av dei tre ungdommane som kalla seg Barne-Barna-Banden.
Etter at programmet var over på Galleri Vik var det fleire av dei yngste som kom vandrande mot Gamlatunet, kledd i nattdrakt eller med sovepose, teppe og kosebamse, medan dei heldt eit godt tak i mamma si hand. Her skulle dei få eventyrstund med Ingrid Mathilde Sørvåg, Siri Dyvik og Cathrine Nordseth.
På fredag og laurdag held Vikenusikk fram med konsertar og musikkaktivitetar både ute og inne.
Det startar med musikktog gjennom bygda, frå parkeringfsplassen ved kyrkja og opningskonsert på Plasset. Og held fram med konsertar og musikk fleire stader. Programmet ser du her.
Nye kommentarar