Road Årvik klar med bok frå Vikebygd
Det kom som ei stor overrasking for folk i Vikebygd då Roald Årvik sleppte nyheiten om boka han har laga med bilete og tekst frå Vikebygd. Tittelen er: «Frå Jøtulsbrua til Svartaløa», ei ferd på kryss og tvers gjennom Vikebygd. Boka inneheld 450 bilete, 400 av desse har aldri vore publiserte før. Gratulasjonane strøymde på via Facebook utover seinkvelden, og mange bad om å få reservert eit eksemplar av boka. Vi vonar det då inneber ei utgåve signert av forfattaren sjølv.
Slik fortalde Roald Årvik sjølv om boka på Facebook 4. Juli:
– Endeleg kom pakken frå trykkeriet i Danmark, med prøvetrykk av mi komande bok, «Frå Jøtulsbrua til Svartaløa».
– Det var med blanda kjensler eg vende sidene i boka for fyrste gong: Glad og letta for at ein draum og eit arbeid over fleire år snart er realisert. Men framføre alt, uendeleg trist fordi det er ein som eg aldri får gje boka til.
– Boka vert gjeven ut på RÅtassen forlag, mitt eige forlag. RÅtassen forlag var veldig i tvil om økonomien i dette med å sleppe til ein ukjend forfattar. Men etter intense forhandlingar med meg gjekk dei med på at det skal trykkjast eit opplag, med eit avgrensa tal med bøker, slik at forlaget ikkje går under økonomisk med ein gong.
– No skal eg bruka sommaren på å sjå igjennom prøvetrykket, og er eg nøgd med kvaliteten vert det trykking til hausten.
– Det er to personar eg lyt takka særskilt for hjelp med denne boka, to personar eg set stor pris på:
- Min kollega Bjørn Petter Nilsen som kom med gode innspel, kritiske, men saklege tilbakemeldingar. Han sytte òg for teknisk hjelp i dei stundene PC’en min var på veg til å ende i sjøen.
- Eg lyt óg takke min tidlegare lærar Gunnar Listog for at han las korrektur. 38 år etter sist gong han retta mine tekstar, tok han nok ein gong fatt på å kontrollera om nynorsken min og teiknsetjinga ikkje var på ville vegar.
Ei bok med 450 bilete
– For dei som lurar på kva boka handlar om legg eg ved eit bilete av omslaget på boka. Boka inneheld 450 bilete, 400 av desse har aldri vore publiserte før. Eg hadde nok bilete-materiale til to bøker, men eg laut styre meg.
– Då RÅtassen forlag har eit lite marknadsføringsbudsjett, må ein gjerne dele dette innlegget vidare.
Sikre deg ei bok alt nå
– Det er høve til å be om å få ei bok lagt til side med å sende meg eit signal på Messenger, eller på annan måte.
(Tekst og bilete er henta frå innlegget Roald Årvik la ut på Facebook onsdag 4. Juli, der han presenterer boka si – ei bok alle med røter i Vikebygd må sikra seg eit eller fleire eksemplarer av!)
Nye kommentarar