

by Steinar Skartland · 17. mai 2018
Om det meste var kjent i programmet for dagen i Vikebygd, så var det også nye innslag som kunne overraska og gleda.
Alt klokka 05:30 starta dei første. 11 born og vaksne gjekk i lag med to hundar, den bratte vegen opp til Trodlanibba. Rolf Julsrud var ikkje i tet, men likevel ein viktig initiativtakar. Fremst sprong dei yngste borna og ungdommane. På førehand hadde Rolf Julsrud, Roald Årvik og nokre til, fått sett opp ny og større flaggstang på Trodlanibba. Den kom vel med då ei gruppe på elleve klatra til topps og heiste flagget klokka 07:00.
Sjå også i Haugesunds Avis
og i Grannar
Topptur med flaggheis 17. mai: Dei som gjekk var Askev, Ella, Reiar og Rolf Julsrud; Alida Frøvik Svendsbøe; Stina og Heine Tjoflot Ness; Vidar, Heine og Ørjan Maurangsnes; Steinar Skartland.
For folk i bygda var nok likevel startpunktet med flaggheising i parken til hornmusikk. Deretter gjekk dei i tog opp til kyrkja. Men denne dagen vart det utan prest. Det kunne ein mest ikkje merka. Opplegget var som vanleg med song og skriftlesing.
Talen i kyrkja stod Sunniva Tveit for, og der gjorde ho ein god innsats. Elles var det speidarane som stod for det meste her. Fleire av dei hadde jobba med å laga sine eigne kyrkjebøner, som så vart framførte. Veldig bra! -kan vi seia er oppsummeringa av denne.
Talen då det skulle leggjast nedd krans ved minnestøtta over falne sjømenn frå Vikebygd, var det to 7. klassingar som stod for: Juli-Janne Gåsdalen og Jonas Bjerga. Støtta var omkransa av Caroline Bjørnevik og Mona Trovåg, som stod der med kvart sitt norske flagg, medan Ole-Petter Bjerga la ned kransen.
Tale av 7. klassingane Juli-Janne Gåsdalen og Jonas Bjerga. Ole Petter Bjerga la ned krans. På sidene står som flaggvakt: Caroline Bjørnevik og Mona Trovåg Caroline Bjørnevik
Så gjekk ein, tradisjonen tru, i eit langt og folkerikt tog frå kyrkja, via Plassavegen, forbi aldersbustadane og til Bygdahuset. Fremst gjekk flaggborga, deretter kom Barnehagen og korpset, så kom skulen og alt folket som ville gå i tog.
Framme på bygdahuset var det kafe og konkurransar, for ikkje å gløyma fotballkampen mellom Bondelaget og Vikebuen. Alle utkledde for anledningen. Det var ikkje alt som var etter boka, men ein konkluderte med at Vikebuen vann 3-2.
Fotballkommentator Rune Hetland presenterer laget Vikebuen som er klar til innsats i den unika kampen mot Bondelaget
Bondelaget såg farlege ut med sitt uortodokse fotballutstyr. Frå sidelinja vart kommentert: Det dei ikkje får gjort med traktor, blir ikkje gjort. Dommaren måtte avvæpne Gudvin Hetland som måtte planta greipa trygt i bakken på midtbanen.
Festtalar Gunnar Birkeland hadde mykje godt å seia om Vikebygd og oppfordra alle til å snakka opp bygda så fleire kan få lyst å flytta hit.
Det offisielle programmet vart avslutta med festarrangement der trubaduren Jone Bjerga fekk utfalda seg med musikk og gitar; Gunnar Birkeland heldt ein god tale for dagen og skuleborna fortalde vitsar og spela sketsj. Til slutt var det premieutdeling for konkurransane, noko som høyrer med på ein slik dag.
Det er ingen komande hendingar
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar