SØK pengar no
SØK-MIDLAR
No kan du søkja om økonomisk støtte hos Vikebygd Grendeutval
Som du kanskje er kjend med har Vikebygd Grendeutval fått ein del pengar frå Skånevik Ølen Kraftlag AS (SØK) som skal disponerast på beste måte. Dette ansvaret tar me på alvor og ønsker difor at flest mogeleg kjem med forslag på kva pengane kan brukast til.
Bakgrunn:
Skånevik Ølen Kraftlag AS har inngått partnarskap med bygde- og grendelag i konsesjonsområdet gjennom å tilføra årlege tilskot til desse laga. Difor kan du nå søkja om midlar til prosjekt, aktivitetar eller arrangement i lokalmiljøet i og rundt Vikebygd som er til felles glede og nytte for flest mogeleg av bygdas innbyggjarar.
Midlane skal gjennom økonomisk støtte leggja til rette for god aktivitet innan:
- Anlegg og forsamlingshus
- Barne- og ungdomsarbeid inntil 16 år.
- Kulturarv- og sogearbeid
Grendeutvalet har allereie fått fleire forslag til prosjekt og aktivitetar, men me utvidar søknadsperioden heilt fram til sommaren 2018.
Vikebygd Grendeutval har i tillegg laga nokre eigne kriterier i samband med tildeling av midlar. Desse finn du her ->
Korleis søkje om pengar?
Søknaden må innehalde ei enkel prosjektbeskriving og kronebeløpet det vert søkt om. I større prosjekt må det visast til eit budsjett, ein plan og namn/kontaktinfo til prosjektansvarleg.
Søknadsfristen er sett til snarast, men midlane blir tildelt fortløpande gjennom året. Første tildeling vil ikkje skje før neste utbetaling frå SØK er tilgjengeleg på konto, august 2018.
Søknad skal sendast til Vikebygd Grendautval via e-post: post@vikebygd.no
Sjå elles pkt. 7 i kriteria.
Nye kommentarar