Julekonsert i Vikebygd kyrkje
Julekonserten i desember er blitt ein tradisjon mange set pris på, overskotet frå konserten går til Kirkens Bymisjon Haugalandet, som kan gleda dei som ikkje gler seg til jul.
Det blir julekonsert i år også, ein julekonsert utan kjendisar, men med utøvarar frå vår eiga bygd. Anten er dei fødde i bygda vår, eller så bur dei i bygda vår. Begge deler er kjekt!
Desse blir med:
Dan Bergman, Sunniva Tveit Gregersen, Iselin Eidhammar Tveit, Arne Tveit, Cathrine Hamre Tindeland, Sandra Bjørnseth Sælemyr, Tonje Bjerga, Lene Bjerga, Jone Bjerga, Lina Fisk Eide, Vegard Skartland; Caroline Bjørnevik, Tina Larsen, Even Larsen og Vennekoret.
Me avsluttar konserten med å reise oss og syngja «Fred over Jorden, Menneske Fryd deg, oss er ein evig Frelsar fødd!.


Nye kommentarar