Ukrainsk nasjonaldag feira i Vikebygd 24. august 2026
I Vikebygd bur 12 ukrainarar. Ølen sanitetsforening hadde også med seg fleire som bur i Ølen, til bygdahuset i Vikebygd. Arrangørane hadde rekna med kanskje 50 deltakarar, men her kom også mange lokale nygdefolk frå Vikebygd og nabobygdene, slik at det var nær på 150 samla på bygdahuset for å markere Ukraina sin nasjonaldag 24. august 2026. Dette er Ukraina sin nasjonaldag fordi landet erklærte seg uavhengig av Sovjetunionen den 24. august 1991.
På bygdahuset i vart det servert ukrainsk mat. På menyen stod den ukrainske betasuppa borsj, samt bollar. Ein av ukrainarane viste film med Ukraina sin historie få dei første busetningane og fram til i dag. Den Ukrainske nasjonalsongen vart sungen der alle reiste seg i respekt for Ukraina. Dei som var tilstades og som kunne det ukrainske språket song med på nasjonalsongen. Fleire hadde talar, både på norsk og ukrainsk. Du kan lese meir om arrangementet på lokalavisa Grannar, web og Facebook. Mellom dei lokale initiativtakarane var Gunnar Birkeland, Solveig Hortman og Kateryna Svendsbøe, som hadde med seg fleire av dei ukrainarane som bur i bygda på kjøkken og i salen. Bygdefolket sette stor pris på å få vera med på markeringa og fleire frå Ukraina hadde takke tale og rosa det lokale initiativet til feiringa.
Frå filmen som vart vist. (Klikk bildet under, vent på nedlasting og klikk så startknappen). Filmen startar med den Ukrainske nasjonalsongen.



Nye kommentarar