Imponerande julekonsert i Vikebygd
Vikebygd er verkeleg velsigna med mange erfarne musikarar fleire av dei profesjonelle. Dyktige, og med kvar sin musikkstil, gjer det vanskeleg å trekke fram ein som betre enn dei andre.
Likevel, å få med seg Tom Roger Aadland, som er kjend langs land og strand med sine Dylon tolkingar til nynorsk, er eit trekkplaster i seg sjølv. Han har gjeve ut ei rekkje med CD plater, men denne gongen var det to julesongar som stod på programmet, den eine av Jakob Sande: Det lyser i stille grender. Etterpå akkompagnerte han Vegar Skartland som song like vakkert som han er kjend for.
Nå er ikkje Tom Roger åleine i «CD klassen» i bygda. Jone Bjerga kom nyss ut med sin første CD. Med sine djupe og sjølvskrevne tekstar som det er verd å lytta til. I kyrkja imponerte han nå med sjølv å spela inn fleire av dei musikalske stemmene i musikken, før han i samspel med seg sjølv delte sine songar med oss.
Ei breidd av dyktige musikkarar
Denne konserten viste den breidd av musikkarar som har tilknyting til Vikebygd. Nokre er fødd her, andre er flytta til. Det er ein tradisjon at korpset under leiing av Andreas Ulveraker innleiar konserten. Etter svært mange år som aktive musikarar og med ein dirigent som også har gjort seg kjend i musikken si verd gjennom svingande jazztonar i Bytunet Antikvariske Jazzensemble og sildajazzen,
-ja då er det borga for suksess. Mens bygder på Austlandet leiger inn korps frå Sverige for å kunna gå i tog nasjonaldagen, så har vesle Vikebygd sitt eige korps på høgt musikalsk nivå. På ein julekonsert i kyrkja kunne det vel høva godt å be ei stille bøn om at dei må halda fram så lenge det er luft i lungene (og at nye kjem til etter kvart). For dette er bra! Og det gjer at unge som har lyst på å bli med i eit musikkmiljø har ein plass dei kan starta og få opplæring, i lag dyktige og erfarne vaksne.
På norsk, svensk og engelsk
Her var også andre flotte stemmer. Dan Bergmann stilte opp med song på morsmålet sitt, svensk. Ein song som ein ven hadde skive til han om Kjærleiken. Dan er ein erfaren musikar som har funne vegen til bygda vår. På konserten var han med og auka både breidd og høgd med si erfarne røyst. Bakrunn som lærar har ført til at han også har hatt arbeid i skulen i Vikebygd.
Helge Veastad, som tidlegare i yngre dagar livnærde seg like mykje av musikken i ‘Shakey Ground Blues Band’ som av garden på Veastad, stiller villig opp både på kyrkjekonsertar, julegudstenesta saman med Arne og andre arrangement i bygda.
Denne dagen handterte han solotonar med sin Resonator Guitar i samspel med dei andre instrumenta i kyrkja. Resonator gitaren er eit instrument som er mest kjend innan bluegrass, blues og country musikken.
I tillegg til musikk frå aktørane sine eigne instrument, stilte ”husorkesteret” opp: Leia av Arne Tveit, som er kjend både som arkitekt og organist i kykjene og også har sitt eige band (Torsdagsklubben). Denne dagen spela han både keyboard, el-piano og kyrkjeorgel og hadde med Håvard Tveit på bass og Even Larsen på slagverk. I lag med dei mange aktørane og ein dyktig lydteknikar sikra det høg kvalitet i konserten.
Lene Bjerga song både solosongar og hadde med seg borna frå Venneklubben i fleire songar. Dei kom syngjande inn i prosesjon med lys i hendene. Her vart det også songen Bjelleklang, med bjøllelyd frå borna sine rytmeinstrument.
Cathrine Hamre Tindeland og Sandra Marie Bjørnseth Sælemyr delte fleire songar med oss, m.a. ”Nord-Norsk julesalme”. Sandra Marie song også duett med Vegard i fleire songnummer.
Eit ungt og lovande talent vi fekk høyra var solisten Tina Larsen. Det er flott å sjå alle unge som kjem til og styrker musikkmiljøet i Vikebygd.
Vi kan då ikkje gå forbi å nemna at det står 17 byggjeklare tomter midt i sentrum – med kort veg til skule, barnehage, butikk, fjord og natur, -om det er andre som vil ha del i dette musikkmiljøet her.
Då konserten hadde halde på i over ein time med tett i tett mellom artistane, fekk Sunniva Tveit Gregersen avslutta konserten med salmen: ”Mitt Hjerte alltid vanker i Jesu føderom”; før alle ståande fekk vera med i den kjende julesalmen: ”Deilig er jorden – Prektig er Guds himmel”.
Så er vi takknemlige for dette initiativet som vart teke til å invitera til konsert med lokale krefter. Bortimot 170 møtte fram til konserten i kyrkja. Det var ennå god plass i benkene. Brit Nelly Ness Tveit, som er leiar av soknerådet, ynskte folk velkomne og takka alle etterpå. Men ho ville ikkje ta æra for at konserten kom i stand. Då peika ho på Ingrid Mathilde Sørvåg som ho ga æra til for initiativet. Ho har vore ein viktig pådrivar for å få dette til også i år.
I takketalen sin i slutten nemnde Brit Nelly alle dei som hadde delteke. Det var ei imponerande artistliste som ville dela musikken og stunda med oss. Ein skulle venta at med både dyktige og erfarne musikarar skulle inngangsbilletten bli høg. -Men nei. Artistane stilte opp gratis! Så då vart det ei gåve ved utgangsdøra for dei som ville; -og dei ville. I offerposane hamna det 8044 kroner. Ein del av dette går til utgifter med innleige av profesjonelt lydutstyr og lydteknikar. Resten går til Kirkens Bymisjon sitt arbeid.
Mitt hjerte alltid vanker i Jesu føderom
der samles mine tanker som i sin hovedsum.
Der er min lengsel hjemme der har min tro sin skatt.
Jeg kan deg aldri glemme, velsignet julenatt.
Kunngjeringa
Lørdag 9. desember vert det julekonsert i kyrkje vår, og med eit lang rekkje lokale, men også kjende, musikararar.
- Korpset
- Tom Roger Aadland
- Tina Larsen
- Vegard Skartland
- Dan Bergman
- Even Larsen
- Håvard Tveit
- Lene Bjerga
- Cathrine Hamre Tindeland
- Sandra Bjørnset Sælemyr
- Sunniva Tveit Gregersen
- Jone Bjerga
- Born frå venneklubben
- Helge Veastad
- Arne Tveit
Det er ikkje inngangspengar, men dei som vil kan gi ei gåve til Kirkens Bymisjon, Haugalandet.
Nye kommentarar