Stemne på Vikestølen
Det årlege «Vikestølsmøtet» som tok til i år 1900, blir i år arrangert oppe på Vikestølen søndag: 25. juni 2023, klokka 12:00.
Talaren i år er Willy Ludvigsen som er dagleg leiar i Flymisjonen MAF
Les meir om «Mission Aviation Fellowship» her.
Etter dette møtet har vi ei matøkt saman (ta med niste) og eit ettermiddagsmøte klokka 14:00.
I tillegg til tale over bibeltekst blir det allsong, solosong, musikk og kjekt fellesskap på den tidlegare stølen i fjellet som er omkransa av bygdene: Vikebygd, Bjoa, Skjold, Vats, Ølen og Ølensvåg. Du er like velkommen om du er frå ei av desse bygdene, eller andre stader nær eller fjernt. God skogsveg opp frå Vikebygd (parkering ved kyrkja) og Bjoa (parkering på Eikås).
Du må rekna minst 1 time å gå frå Vikebygd og 45 minutt frå Eikås, så start i god tid.


Nye kommentarar