![R190209-Teater2447a R190209-Teater2447a](http://vikebygd.org/wp-content/gallery/ungdomsteateret/thumbs/thumbs_R190209-Teater2447a.jpg)
JULEMARKNAD I VIKEBYGD
![](http://vikebygd.org/wp-content/uploads/2021/10/Julemarked2021-783x1024.jpg)
Laila Øvstedal Espeland fortel på Facebook:
Då er har me endeleg lov å møtast på normal måte igjen! I fjor planla me ei alternativ julemesse, som me dessverre måtte avlysa. Me har likevel lyst å prøva denne varianten i år- det blir difor ikkje noko tradisjonell julemesse på bygdahuset.
*Plassabakeriet vil servera fiskesuppe, Gamlatunet graut og pølser
*I båthuset vil Vikebuen ha kafé med salg av kaker, kaffe og brus.
-Det vil vera ulike utstillarar på alle desse plassane, samt i det store naustet nede i båthamna
*I båthamna vil me tenna bål i pavlijongen og hengja opp lyslenker i området.
*I kyrkja kan du gå innom og varma deg med song og musikk som kan få oss til å senka skuldrane og komma i julestemning.
Håpar på eit arrangement med liv og røre i bygda, der folk kan treffast på tvers av bygder og generasjonar!! Program over dei ulike utstillarane kjem om ikkje lenge…
Nye kommentarar