Vi treng fleire vaksne til kanoturen i Nidelva 24.-28. Juni
Speidarane skal på kanotur i Nidelva (Telemark) 24.-28. Juni. Nå etterlyser dei fleire vaksne til å bli med på turen. Vikebygd.org har lagt ut denne oppfordringa frå speidarane:
– Til sommaren er det, som dei fleste veit, tenkt at me skal på kanotur i Nidelva (i Telemark), fortel Iselin Eidhammer Tveit, som er ein av leiarane i speidartroppen i Vikebygd, til vikebygd.org.
– Om me skal få til å gjennomføra denne turen, er me i år avhengige av at me får med oss fleire vaksne. Me treng vaksne som er komfortable med/har litt erfaring med kano, likar å overnatta ute, som likar å vera med barn/ungdom, og som kan hjelpa til med småting- fyra opp eit bål, hjelpa til med å rydde i ein kaotisk speidarsekk, eller sjekka at alle har tørre sokkar på beina. Du treng ikkje å ha nokon erfaring med speiding frå før.
– Ta kontakt med ein av oss om det kan vera aktuelt! seier Iselin. Interesserte kan kontakta henne på telefon 986 25 428. Kontaktopplysningar til dei andre leiarane ser du på vikebygdspeidar.no/leiarane
Nye kommentarar