Kolerakyrkjegarden ved Årvik
I Vikebygd vart det bygd to kolerakyrkjagardar i 1849. På Dommasnes og ved Årvik. Kolera er ein bakteriesjukdom som rammar mage- og tarmsystemet og fører til kraftig diaré og dehydrering.
Det var fleire epidemiar i Noreg og Europa på 1800 talet. Ved epidemien som råka Vestlandet i 1848-1849 døydde 712 personar berre i Bergen og på den tida kjende dei ikkje til bakteriar, berre at sjukdommen var svært smittefarleg. Når ein bygde eigne kyrkjegardar i kvar sin ende av bygda, og borte frå kyrkja, var det for å unngå at kolerasmitte skulle spreiast ved at liket var frakta gjennom bygda. Det blir sagt at dei som døydde av kolera på vestsida av Ålfjorden, vart frakta i båt over fjorden og kista vart plassert på ein stein nede ved sjøen på Leirhammar. Denne steinen ligg rett nedanfor hyttefeltet, ved båthamna, og er kalla Liksteinen. Etter at dei som kom med liket hadde sett frå seg kista rodde dei ut igjen og andre kom ned og henta denne og ordna med å gravleggja den døde i Kolerakyrkjegarden på Leirhammer ved Dommasnes. Denne kyrkjegarden vart teken i bruk i 1849 og ein kan ennå sjå gravminne her, kor det skal ha vorte gravlagd to pesonar. Kyrkjegarden er freda som eit kulturminne. Skøyte frå oppsitjarane på Dommasnes i 1850 gjekk til: «Vigebygds Communen undtagen gaardene Tindeland, Fodsel, Skatteland, Førde, Møklevold, Soleim og Østvig» (Årvik er ikkje nemnd her).
Kolerakyrkjegarden i Nordabygda.
I Nordabygda vart det etablert ein eigen kolerakyrkjegard for gardane her, i 1849. Den ligg omlag 150 meter sør for den gamle skulen i Årvik. Eigedommen tilhøyrte den gong garden Fossøl som var mellom gardane som var unnatekne bruk av kyrkjegarden på Leirhammar. Denne kyrkjegarden er omkransa av steinmurar og er utvendes omlag 12 x 12 meter. Det vart aldri bruk for å gravleggja noko menneske her, men det vert sagt at ein hest er groven ned her ein gong seinare. Det går skogsveg frå det gamle skulehuset og bort til kolerakyrkjegarden som ligg på Gnr. 322 bnr. 9. Dette bruket blei utskilt frå Fossøl bnr. 3 i 1976 og Arthur Skartland kjøpte eigedomen.
På vestsida av Ålfjorden er det kjent at det eksisterer ein kolerakyrkjegard på Førde, ein annan av dei gardane som er unnatekne i skøytet på Leirhammar. Andre stader kor ein finn kolerakyrkjegardar er:
Bjoa: Vedvika, kolerakyrkjegard, 2 personar er gravlagde her (1849), seinare brukt som gravplass.
Ølensvåg: Kolerakyrkjegard, som ikkje vart nytta
Ølen: Osen, kolerakyrkjegard, 6 personar gravlagde
Nye kommentarar