Speidarane takkar for støtte
Global-Aksjonen
Pga. koronasituasjonen kunne ikkje Speidararane i Vikebygd avvikle den tradisjonelle global-aksjonen med innsamling på dørene + kafe med stappfullt lokale på bedehuset i år heller.
I staden vart det sal av julekaker i naustet på kaien under ein ny variant av julemessa i år.
Det kom inn kr. 4.570.- som går uavkorta til Globalaksjonen, som i år støttar speidararbeid på Sri Lanka og i Tanzania.
– Me takkar dei av speidarane som stod og selde, og alle som kjøpte kaker og med det støtta Globalaksjonen, fortel Arne Tveit som også rettar ein stor takk til dei foreldra som har bakt julekakene.
Kva er Global-aksjonen?
Globalaksjonen er KFUK-KFUM-bevegelsen sin årlege solidaritetsaksjon der barn, ungdom og voksne samlar inn pengar til KFUK- og KFUM-prosjekt i andre land som støttar unge menneske sin kamp mot fattigdom. I år fokuserer Globalaksjonen på ungdommen sine rettar og medverknad i Sør-Sudan, Tanzania og Palestina.
Ungdom utgjer den største folkegruppa mellom menneska på jorda, og det er fleire ungdommer nå enn det nokonsinne har vore. Men ungdom fell ofte mellom to stolar: Dei er ikkje barn, og heller ikkje vaksne. Ungdom er den største aldersgruppa mellom dei arbeidslause, mange lever i fattigdom og svært mange unge i Sør går ikkje på skule. Lite av utviklingsarbeidet som vert drive, fokuserer på ungdom. Det er også svært sjeldan at ungdom vert inkluderte i forhandlingar og utviklingsprosessar. Ungdom må takast på alvor og bli sett på som ein del av løysinga – ikkje problemet!
Kva går pengane til?
I år fokuserer Globalaksjonen på ungdom sine rettar og medverknad. Å la ungdom få kunnskap og rom til å ta eigne val som omhandlar deira liv og helse, gjer dei til medvetne borgarar. Vi meiner at ungdom er sjølve ryggrada i den globale utviklinga. Ved å inkludera ungdom i politiske prosessar og ved å gje dei rett til å bestemma over eigne liv, dyttar vi også verda framover.
Vi må gje plass til unge menneske i lokale, nasjonale og globale institusjonar. Vi må gje dei rom til å leia, styra og uttrykka sine meningar. For når vi gjer det, skjer store ting. Ungdom må ta plass i fredsprosessar, i politiske forhandlingar og i lokalsamfunna deira.
I Tanzania tok ungdommane i YPM leiinga og starta ein miljøklubb som har gjort store forskjellar i deira lokalsamfunn. I Palestina arrangerer ungdom ein internasjonal konferanse som tek for seg FNs resolusjon om ungdom, fred og sikkerhet, og inviterer deltakarar frå heile verda til å komma. I Sør-Sudan tek unge menneske psykisk helse på alvor og hjelper andre med å bearbeide traumane sine. Saman skaper vi global rettferd og fred!
Nye kommentarar