Trusopplæringsprisen til Brit Nelly og Arne
Under ei flott familiegudsteneste i Vikebygd kyrkje søndag 24. oktober tok Kateket Britt Karstensen og leiar i Felles Utval for Trusopplæring, Berit Listog, over kunngjeringane. Desse kunne overraska Brit Nelly og Arne Tveit med at FUT hadde tildelt dei Vindafjord Trusopplæringspris for 2021 for deira store aktivitet og innsats for barn og unge gjennom mange år.
Trusopplæringspris til Brit Nelly og Arne
Berit innleia med nokre ord om trusopplæringa både generelt og i Vikebygd.
– Når vi får barn så er vi opptatt av at dei skal ha det godt. Det handlar om både vanleg oppdragelse, men også om ein relegiøs oppdragelse. Ein plass å høyra til. Eit trussamfunn å kjenna seg heime i, sa Berit og peika på at det har foreldra vist i dag ved å ta med ungane for å få 4-årsboka og for 5. klassingane å få bibelen.
– For kyrkja vil gjerne hjelpa til med den relegiøse eller kyrkjelege oppdagelsen, så foreldra ikkje skal vera åleine om dette. For det er eit forledreansvar.
Ho rosa både tilsette og frivillige for deira gode teneste innan dei 8 kyrkjene vi har her i Vindafjord. Derfor deler FUT (som har ein representant frå kvart sokneråd) ut ein trusopplæringspris kvart år, til ein person eller team som vert føreslegen frå folk i kyrkjelydane.
Håp, tru, kjærleik, idealisme, dugnadsånd, pågangsmot, formidling om Jesus til barn og unge.
-Desse orda som står på «Diplomen», fortel kva Brit Nelly og Arne brenn for, sa kateket Britt Karstensen under utdelinga av prisen.
Kateketen drog fram fleire eksempel på kva prisvinnarane, som ho kalla eit «Superteam» har teke del i innan kyrkja og trusopplæringsarbeidet gjennom mange år. Som eldsjeler i speidarabeidet, konfirmantarbeidet, musikalsk arbeid og i kyrkja. Eit eksempel er denne gudstenesta der dei tok det meste av opplegget og inviterte 4-åringane til opplevingar i kyrkja laurdagen og kyrkjesamværet søndag saman med sokneprest Kristian Kyllingstad.
-Dei har eit stort hjarta, eit stort hus og ein stor eigedom, og det må dei ha for det enorme hjarterommet som dei har, sa ho.
-Det er mange som har følt seg velkomne, som har følt seg trygge, som har blitt sett og verdsett, blitt tatt vare på og som har fått hjelp til livsmeistring i liva sine, der det er vanskeleg.
Meir om prisen og trusopplæringsarbeidet kjem i kyrkjebladet Hyrdingen i neste utgåve.
Ei gudsteneste utanom det vanlege – for heile familien
I lang tid har det vore vanskeleg å kunna møtast i kyrkja til gudsteneste. Pandemi, avstand mellom folk i benkene og med færre samlingar. Nå er dette over, vonar vi. Kyrkja var denne sundagen pynta av Vikebuen. Framme i koret var det frukt, grønnsaker, barnebibel, leiker og ein ukulele. Borna kom inn i prosesjon bak krossen, boren av ein femteklassing.
Songarka hadde ikkje gamle salmar med vanskelege ord, men litt enklare tekstar var det i dag. Til Arne på Piano og Kristian prest på Ukulele, så song forsamlinga:
Hei, her er jeg! Jeg heter … (og kvar sa sitt eige namn) … og er ganske grei.
Hei, her er jeg, vil dere være venner med meg?
Jeg heter … og er ganske grei.
Brit Nelly delte ut boka til fireåringane og fortalde at dei hadde fått vore i kyrkja fredagen også. Der fekk dei leita etter bamsar, døypa ei dukke (som dei kalla Jesus) og ringa med klokkene i tårnet. Så var det 5.klassingane sin tur å få bibelen utdelt. Den skal dei ha å lesa i fram til konfirmasjonen om nokre år. Så kunne fireåringane og femteklassingane slå opp i kvar sine bøker, og følgja med når presten las om ein mann som vart overfalt av røvarar, og om dei som kom forbi etterpå. Vi andre fekk også høyra på fortellinga som Jesus fortalde ein gong for lenge sidan.
Det var etterpå at presten hadde fortalt dette at Brit Nelly og Arne fekk utdelt prisen. Og jammen måtte dei som hadde fødselsdag i oktober og november koma fram også. Dei fekk sjokolade og alle i kyrkja song fødselsdagssongen for dei.
I slutten av gudstenesta var det bønevandring mellom forskjellige postar. Setje nål på verdskartet for dei som du ber for, tenne lys, få velsigning og krossteiknet i handa, gje offergåve til trusopplæringsarbeidet med meir.
Heilt til slutt vart det loddtrekking, for alle hadde fått utdelt eit gratis lodd då dei kom til kyrkja. Men vi gjekk ikkje heim når kyrkjeklokkene hadde slege 3×3 slag. Då vart det kaker, kaffi og saft å gå i midtgangen. Det vart ei anna slags gudsteneste dette, og kjekt var det for alle, både store og små.
Takk
Denne dagen hadde vi heile to organistar Caroline Bjørnevik spela på kyrkjeorgelet og Arne Tveit på piano. Presten på Ukulele og til avslutning: song-duett med Selma og Lina.
Tusen takk til alle for ei flott gudsteneste for alle generasjonar.
Nye kommentarar