Folkemøte om barnehage- og skulebruksplanen 21.1.21
Folkemøte med påmelding: 21.01 på Vikebygd bygdehus kl. 19.00 – 20.30. Barnehage- og skulebruksplanen.
I veke 3 og 4 vil det bli gjennomført ni folkemøte, eitt i kvar bygd. Grunna Covid-19 situasjonen er det i skrivande stund ikkje rom for meir enn totalt 50 stk inkludert Norconsult og administrasjonen. Det betyr at ein må ha påmelding på førehand. Påmelding kan gjerast via denne lenka. Her gjeld «første mann til mølla» prinsippet. Dersom dei nasjonale retningslinjene endrar seg vil me sjølvsagt utvide til det anbefalte tal som er lovleg.
Norconsult vil delta fysisk i bygdene Imsland, Vats, Vikebygd og Bjoa. I dei andre bygdene deltek dei digitalt.
Alle folkemøta vil bli sendt på KommuneTV direkte, og i ettertid i opptak på kommunen si heimeside. Her er direkte lenke til KommuneTV.
Tema for folkemøta i denne runden er avklaringar i høve den eksterne rapporten utarbeida av Norconsult. Det betyr at det ikkje er rom for spørsmål rundt kommunen si behandling av saka då den først skal utarbeidast i tida etter folkemøta. Då vil kommunedirektøren leggja fram sak til politisk behandling med si innstilling.
Nye kommentarar